Nordenå: Skilnad mellom versjonar
s Småpuss + ekstra kilde |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| (8 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Nordenå 150516.JPG|miniatyr|høyre|Nordenå (bnr. 1). {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Nordenå 150516.JPG|miniatyr|høyre|Nordenå (bnr. 1). {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Åraksbø Bygland 070715 (1).JPG|miniatyr|høyre|Utsikten sørover frå Nordenå. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Åraksbø Bygland 070715 (1).JPG|miniatyr|høyre|Utsikten sørover frå Nordenå. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
[[Fil:Nordenå Åraksbø 111116-2.jpg|miniatyr|høyre|Nordenå høgt oppe i dalsida til venstre i biletet. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Nordenå''' er ein gard (gnr. 20) i [[Åraksbø]]. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for [[Hovassåni]]. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då [[Kåsi]] blei skild frå. | '''Nordenå''' er ein gard (gnr. 20) i [[Åraksbø]]. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for [[Hovassåni]]. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då [[Kåsi]] blei skild frå. | ||
På hovudbruket (bnr. 1) står det eit gamalt stabbur, truleg frå 1600-talet. | |||
== Namnet == | == Namnet == | ||
| Line 7: | Line 10: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i ''[[Bygland gard og ætt]]'' (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er [[Kjetil Nordenå]] (ca. 1610). Frå ca. 1615 | Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i ''[[Bygland gard og ætt]]'' (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er [[Kjetil Nordenå]] (ca. 1610). Frå ca. 1615 var det folk frå [[Sordal]] som budde på Nordenå, og også folk derfrå som eigde garden. Den første av desse var [[Knut Anderson Sordal]]. Borna til Knut, og etterkomarane etter dei, blei sitjande på Nordenå heilt til 1851. | ||
I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren [[Olav Knutson Nordenå]] reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2). | I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren [[Olav Knutson Nordenå]] reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2). I artikkelen [[PRÅMEN-163 år etter]] kan ein lese meir om dei nye eigarane på bnr. 1. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[ | *[https://gardskart.nibio.no/landbrukseiendom/0938/20/1/0 Gardskart på nett] | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 28–354 | ||
*[[Reidar Bolling]], ''Gards- og ættesoge Bygland'', 1952, side | *[[Reidar Bolling]], ''[[Gards- og ættesoge for Bygland]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 1952, side 143–148 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.926184409426895,7.747891411083261~Nordenå Åraksbø}} | |||
[[Kategori:Garder i Bygland]] | [[Kategori:Garder i Bygland]] | ||
[[Kategori:Åraksbø]] | |||
Siste versjonen frå 23. desember 2024 kl. 07:44

Nordenå er ein gard (gnr. 20) i Åraksbø. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for Hovassåni. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då Kåsi blei skild frå.
På hovudbruket (bnr. 1) står det eit gamalt stabbur, truleg frå 1600-talet.
Namnet
Namnet kjem av gamalnorsk, og tyder garden eller staden nord for åna.
Historie
Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i Bygland gard og ætt (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er Kjetil Nordenå (ca. 1610). Frå ca. 1615 var det folk frå Sordal som budde på Nordenå, og også folk derfrå som eigde garden. Den første av desse var Knut Anderson Sordal. Borna til Knut, og etterkomarane etter dei, blei sitjande på Nordenå heilt til 1851.
I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren Olav Knutson Nordenå reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2). I artikkelen PRÅMEN-163 år etter kan ein lese meir om dei nye eigarane på bnr. 1.
Kjelder
- Gardskart på nett
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 28–354
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 143–148