Einerkilen urangruve: Skilnad mellom versjonar
s Presisert en kategori |
s Dobbeltkategorisering |
||
| (6 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Einerkilen urangruve Evje 231013 (2).JPG|miniatyr|høyre|Den nedlagde urangruva i Einerkilen. Foto: [[Geir Daasvatn]]]] | [[Fil:Einerkilen urangruve Evje 231013 (2).JPG|miniatyr|høyre|Den nedlagde urangruva i Einerkilen. Foto: [[Geir Daasvatn]]]] | ||
'''Einerkilen urangruve''' er ei nedlagd gruve på sørsida av [[Einerkilen]] i [[ | '''Einerkilen urangruve''' er ei nedlagd gruve på sørsida av [[Einerkilen]] i [[Prestøygardsvatnet]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til [[1. juli 1951]]. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved [[:no:Institutt for energiteknikk|Institutt for atomenergi]] på Kjeller. | ||
I mai 1948 blei bergverksingeniør [[Kjell Amdahl]] tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge [[Einarkilvegen|veg fram til gruva]] frå [[Fylkesveg | == Oppstart i 1948 == | ||
I mai 1948 blei bergverksingeniør [[Kjell Amdahl]] tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge [[Einarkilvegen|veg fram til gruva]] frå [[Fylkesveg 3782]] ([[Gautestadvegen]]). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar. | |||
Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva. | Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva. | ||
| Line 16: | Line 18: | ||
==Ekstern lenke== | ==Ekstern lenke== | ||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157637337504794/ Bilete av den nedlagde gruva på Flickr] | *[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157637337504794/ Bilete av den nedlagde gruva på Flickr] | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.60153739052348,7.933480739593506~Einerkilen Evje}} | |||
| Line 21: | Line 26: | ||
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1948]] | [[Kategori:Etableringer i 1948]] | ||
[[Kategori:Evje]] | |||
Siste versjonen frå 25. desember 2023 kl. 09:20
Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller.
Oppstart i 1948
I mai 1948 blei bergverksingeniør Kjell Amdahl tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge veg fram til gruva frå Fylkesveg 3782 (Gautestadvegen). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar.
Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva.
Ved juletider i 1950 blei det klart at råmalmen som så langt var teken ut av gruva hadde eit mykje lågare uraninnhald enn ein på førehand hadde rekna med. Kostnadene med å få ut den uranen ein trong vart for store. I juni 1951 blei det såleis bestemt at drifta skulle stanse frå 1. juli same året. Det spanande og hektiske, men kortvarige gruveeventyret ved Einerkilen i Evje var slutt.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 118-122