John Olav Uleberg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
John Olav Uleberg
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet bildet
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 14. juli 2018 kl. 10:32

John Olav Uleberg
Født: 12. oktober 1945 (80 år)

John Olav Uleberg (fødd 12. oktober 1945 på Uleberg) tok eksamen på Hornnes landsgymnas i 1965. Han hadde og yrkesskule og skogskule før han tok utdanning i skogbruk på Norges Landbrukshøgskole i 1972.

Deretter arbeidde han til 1979 ved Norsk institutt for skogforskning. Frå 1979 var han teknisk konsulent i Agder Skogeigarlag. Der hadde han ansvar for arbeidet med skogsvegar og skogsbilvegar og samarbeidde mykje med Saavi Nomeland. «Det var Saavi som lærde meg det som er verd å vete om skogsvegar,» sa han i eit intervju. Etter åtte år i skogeigarlaget vart han skogbrukssjef i Åseral og Audnedal, og der var han til han gjekk av med pensjon.

Kjelder