Ivelandsveggen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
Ivelandsveggen |
s Bilde av veggen |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Birketveit - Iveland 300615-2.jpg|miniatyr|høyre|Ivelandsveggen ved innkøyringa til kommunesenteret Birketveit. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
[[Fil:Ivelandsveggen Birketveit 251115 (2).jpg|miniatyr|høyre|Veggen i all sin prakt. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Ivelandsveggen''' er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret [[Birketveit]] i [[Iveland]]. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte. | '''Ivelandsveggen''' er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret [[Birketveit]] i [[Iveland]]. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte. | ||
Siste versjonen frå 25. november 2015 kl. 15:28

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Ivelandsveggen er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret Birketveit i Iveland. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte.
Kjernen i berggrunnen i Iveland er ein type gabbro som størkna djupt nede i jordskorpa for nesten 1200 millionar år sidan. Då området seinare kom med i ein fjellkjede vart mykje av gabbroen omdanna til den svarte bergarten amfibolitt. Det er den ein kan sjå i dei aller mørkaste felta i Ivelandsveggen.
Geolog Ole Fridtjof Frigstad ved Agder Naturmuseum og botanisk hage har oppsummert den vidare utviklinga som Ivelandsveggen tydeleg viser slik:
- Mørk opphaveleg amfibolitt
- Båndgneis danna under røyrsler i jordskorpa
- Deformasjon med folding
- Røyrsler som delte opp bergarten i linser
- Inntrenging av magma som størkna til granittårer
- Smelterestar som danna pegmatitt
- Stiv oppsprekking
Kjelder
- Ole Fridtjof Frigstad, Ivelandsveggen, notat laga for Iveland kommune (finnast på heimesida til Iveland kommune)
- Om Ivelandsveggen på heimesida til Iveland kommune