Åsen (Evje): Skilnad mellom versjonar
s Rettet kategori |
s Bilde av garden |
||
| (9 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Åsen''' (tidlegare Ormetjønnåsen) er eit gardsbruk på heia mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]], sør for [[Fylkesveg 306|Fv-306 (Gautestadvegen)]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Eigar (2014) er [[Trygve Jokelid]]. Frå siste halvdel av 2000-talet har det skjedd ei stor utbygging av fritidsbustader på garden, i [[Høgås hyttefelt]]. [[Høgås skianlegg]] og delar av det omfattande løypenettet som høyrer til anlegget ligg og på Åsen sin grunn. | [[Fil:Ormetjønn Åsen Evje 250818.jpg|miniatyr|høyre|Ormetjønn med husa i Åsen i bakgrunnen [[25. august 2018]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Åsen''' (tidlegare [[Ormetjønnåsen]]) er eit gardsbruk (gnr. 51 bnr. 3 m.fl.) på heia mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]], sør for [[Fylkesveg 306|Fv-306 (Gautestadvegen)]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Bruket ligg på garden [[Åsland]] sin grunn. Eigar (2014) er [[Trygve Jokelid]]. Frå siste halvdel av 2000-talet har det skjedd ei stor utbygging av fritidsbustader på garden, i [[Høgås hyttefelt]]. [[Høgås skianlegg]] og delar av det omfattande løypenettet som høyrer til anlegget ligg og på Åsen sin grunn. Det same gjer urskogen [[Røyrtveit naturreservat]]. | |||
Ormetjønnåsen, som seinare vart til Åsen, var øygard (seter) til eit bruk på [[Åsland]]. Dei første som slo seg ned og busette seg på garden fast var [[Nere Johnson Ljosland]] og [[Kari Ljosland]] (fødd Hamkoll) frå [[Åseral]]. Det var på 1840-talet. Seinare hadde sonen deira [[Syvert Nereson]] garden saman med kona [[Siri Nereson]] (fødd Raustøl). Siri og Syvert fekk sonen Knut, som tok til å skrive namnet sitt [[Knut Åsen]]. Knut gifta seg med [[Berte Åsen]] (fødd Åsland), og dei dreiv garden vidare. | == Historie == | ||
Ormetjønnåsen, som seinare vart til Åsen, var [[Øygard|øygard]] (seter) til eit bruk på [[Åsland]]. Dei første som slo seg ned og busette seg på garden fast var [[Nere Johnson Ljosland]] og [[Kari Ljosland]] (fødd Hamkoll) frå [[Åseral]]. Det var på 1840-talet. Seinare hadde sonen deira [[Syvert Nereson]] garden saman med kona [[Siri Nereson]] (fødd Raustøl). Siri og Syvert fekk sonen Knut, som tok til å skrive namnet sitt [[Knut Åsen]]. Knut gifta seg med [[Berte Åsen]] (fødd Åsland), og dei dreiv garden vidare. | |||
Berte og Knut fekk sju born. Mellom dei var Store-Knut og [[Siri Jokelid|Siri]]. [[Knut Åsen (Store-Knut)]] gifta seg med [[Ingeborg Åsen]], og dei overtok garden. Dei var barnlause. Store-Knut fekk ein helseknekk i unge år. Han og Ingeborg selde difor i 1941 garden til systerson til store-Knut, [[Knut Jokelid]]. Han var gift med [[Gro Jokelid]]. Foreldra til Knut, [[Siri Jokelid]] og [[Tomas Jokelid]], flytta med. I mange år dreiv dei garden saman. | Berte og Knut fekk sju born. Mellom dei var Store-Knut og [[Siri Jokelid|Siri]]. [[Knut Åsen (Store-Knut)]] gifta seg med [[Ingeborg Åsen]], og dei overtok garden. Dei var barnlause. Store-Knut fekk ein helseknekk i unge år. Han og Ingeborg selde difor i 1941 garden til systerson til store-Knut, [[Knut Jokelid]]. Han var gift med [[Gro Jokelid]]. Foreldra til Knut, [[Siri Jokelid]] og [[Tomas Jokelid]], flytta med. I mange år dreiv dei garden saman. | ||
| Line 10: | Line 12: | ||
*[[Erik Kjebekk]], ''Frå øygard til gardsbruk til hyttegrend'', artikkel i [[Arnstein 2012]], s. 27-34. | *[[Erik Kjebekk]], ''Frå øygard til gardsbruk til hyttegrend'', artikkel i [[Arnstein 2012]], s. 27-34. | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | == Kart == | ||
{{#display_map: 58.607889062891466,7.965169697999954~Åsen Evje}} | |||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | |||
Siste versjonen frå 25. august 2018 kl. 22:22

Åsen (tidlegare Ormetjønnåsen) er eit gardsbruk (gnr. 51 bnr. 3 m.fl.) på heia mellom Flatebygd og Gautestad, sør for Fv-306 (Gautestadvegen) i Evje og Hornnes kommune. Bruket ligg på garden Åsland sin grunn. Eigar (2014) er Trygve Jokelid. Frå siste halvdel av 2000-talet har det skjedd ei stor utbygging av fritidsbustader på garden, i Høgås hyttefelt. Høgås skianlegg og delar av det omfattande løypenettet som høyrer til anlegget ligg og på Åsen sin grunn. Det same gjer urskogen Røyrtveit naturreservat.
Historie
Ormetjønnåsen, som seinare vart til Åsen, var øygard (seter) til eit bruk på Åsland. Dei første som slo seg ned og busette seg på garden fast var Nere Johnson Ljosland og Kari Ljosland (fødd Hamkoll) frå Åseral. Det var på 1840-talet. Seinare hadde sonen deira Syvert Nereson garden saman med kona Siri Nereson (fødd Raustøl). Siri og Syvert fekk sonen Knut, som tok til å skrive namnet sitt Knut Åsen. Knut gifta seg med Berte Åsen (fødd Åsland), og dei dreiv garden vidare.
Berte og Knut fekk sju born. Mellom dei var Store-Knut og Siri. Knut Åsen (Store-Knut) gifta seg med Ingeborg Åsen, og dei overtok garden. Dei var barnlause. Store-Knut fekk ein helseknekk i unge år. Han og Ingeborg selde difor i 1941 garden til systerson til store-Knut, Knut Jokelid. Han var gift med Gro Jokelid. Foreldra til Knut, Siri Jokelid og Tomas Jokelid, flytta med. I mange år dreiv dei garden saman.
Midt på 1970-talet overlet Knut garden til sonen Trygve Jokelid, som altså driv han i dag saman med kona Jorunn Jokelid.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Frå øygard til gardsbruk til hyttegrend, artikkel i Arnstein 2012, s. 27-34.