Kinovegen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde av vegen |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
[[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Evje]] | |||
Siste versjonen frå 21. desember 2025 kl. 23:46
Foto: Geir Daasvatn
Kinovegen er eit lite vegstykke langs austre breidda av Otra i Evje sentrum. Vegen tek til frå Fennefossvegen ved Birkelandsbrua. Han går sørover forbi dei to store bustadbygga Grandtunet og Elvegården, parallelt med Riksveg 9 (Setesdalsvegen), og vidare forbi Setesdalstrykk og Furuly flerbrukshus før han treff Verksvegen på Verksmoen. Vegen er stengd for gjennomkøyring.
Det var i området der Kinovegen går i dag den første busetnaden i Evje tettstad tok til å utvikle seg. Her låg mellom anna den første butikken til Brødrene Gullestad. Her låg også i mange år Evje kino.