Oseløa: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av løa |
s Orto |
||
| (8 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Oseløa Bygland museum 180217.jpg|miniatyr|høyre|Oseløa. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Oseløa Bygland museum 180217-2.jpg|miniatyr|høyre|Oseløa. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Oseløa''' er ei løe som i dag står på [[Bygland museum]], men som opphaveleg stod på gardsbruket [[Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 1)|Ose bnr. 1]] i [[Bygland]]. Ho er bygd | [[Fil:Oseløa Bygland museum 180217 (2)-2.jpg|miniatyr|høyre|Løa fra baksida. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Oseløa''' er ei løe som i dag står på [[Bygland museum]], men som opphaveleg stod på gardsbruket [[Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 1)|Ose bnr. 1]] i [[Bygland]]. Ho er bygd år 1650. Ho har tre rom som vanleg var: høyløe, treskjelåve og [[Korngov|korngov]]. | |||
Dei gamle løene hadde berre ei høgd. I Oseløa har det vorte bygt til ei høgd og løetrapp slik at ein kan køyre inn høyet oppe. I 1924-25 vart høyløa gjort om til sauefjøs. Då vart det sett inn vindaugo og skore opning frå sauefjøset til treskjelåven og korngovet. Over sauefjøset vart det bygt høytrev. Seinare har sauefjøset vorte teke ned igjen. | Dei gamle løene hadde berre ei høgd. I Oseløa har det vorte bygt til ei høgd og løetrapp slik at ein kan køyre inn høyet oppe. I 1924-25 vart høyløa gjort om til sauefjøs. Då vart det sett inn vindaugo og skore opning frå sauefjøset til treskjelåven og korngovet. Over sauefjøset vart det bygt høytrev. Seinare har sauefjøset vorte teke ned igjen. | ||
I høyløa og korngovet lagra dei høy og kornband. Golva i desse romma var laga av runde stokkar som vart lagt ved sida av kvarandre, trandla. Det siste rommet, treskjelåven, hadde eit slett og tett golv. Her var veggene gjerne også hogd slette. Grunnen til at dei gjorde seg så mykje flid med låven var at det var her dei treskte kornet. Låven måtte difor vere tett så ikkje kornet forsvann mellom golvplankene og gjekk til spille. | I høyløa og korngovet lagra dei høy og kornband. Golva i desse romma var laga av runde stokkar som vart lagt ved sida av kvarandre, trandla. Det siste rommet, treskjelåven, hadde eit slett og tett golv. Her var veggene gjerne også hogd slette. Grunnen til at dei gjorde seg så mykje flid med låven var at det var her dei treskte kornet. Låven måtte difor vere tett så ikkje kornet forsvann mellom golvplankene og gjekk til spille. | ||
I 1981 kjøpte Bygland kommune løa, og ho blei flytta ned til Bygland tun. Seinare blei museumsbygningane flytta til sørsida av [[Riksveg 9]], der løa står i dag. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=20&des_id=7 Heimesida til Setesdalsmusèet] | *[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=20&des_id=7 Heimesida til Setesdalsmusèet] | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 510–511 | |||
[[Kategori:Bygninger i Bygland]] | [[Kategori:Bygninger i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
[[Kategori:Setesdalsmuseet]] | |||
Siste versjonen frå 25. januar 2026 kl. 13:24


Oseløa er ei løe som i dag står på Bygland museum, men som opphaveleg stod på gardsbruket Ose bnr. 1 i Bygland. Ho er bygd år 1650. Ho har tre rom som vanleg var: høyløe, treskjelåve og korngov.
Dei gamle løene hadde berre ei høgd. I Oseløa har det vorte bygt til ei høgd og løetrapp slik at ein kan køyre inn høyet oppe. I 1924-25 vart høyløa gjort om til sauefjøs. Då vart det sett inn vindaugo og skore opning frå sauefjøset til treskjelåven og korngovet. Over sauefjøset vart det bygt høytrev. Seinare har sauefjøset vorte teke ned igjen.
I høyløa og korngovet lagra dei høy og kornband. Golva i desse romma var laga av runde stokkar som vart lagt ved sida av kvarandre, trandla. Det siste rommet, treskjelåven, hadde eit slett og tett golv. Her var veggene gjerne også hogd slette. Grunnen til at dei gjorde seg så mykje flid med låven var at det var her dei treskte kornet. Låven måtte difor vere tett så ikkje kornet forsvann mellom golvplankene og gjekk til spille.
I 1981 kjøpte Bygland kommune løa, og ho blei flytta ned til Bygland tun. Seinare blei museumsbygningane flytta til sørsida av Riksveg 9, der løa står i dag.
Kjelder
- Heimesida til Setesdalsmusèet
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 510–511