Husmannsplassen Hagen: Skilnad mellom versjonar
s Kart |
s Formatering |
||
| (2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 4: | Line 4: | ||
[[Husmann|Husmannsskipnaden]] hadde eit stort omfang i delar av [[Setesdal]]. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opphavelege miljø, utan ombygging m.m. | [[Husmann|Husmannsskipnaden]] hadde eit stort omfang i delar av [[Setesdal]]. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opphavelege miljø, utan ombygging m.m. | ||
== Historie == | == Historie == | ||
| Line 13: | Line 11: | ||
I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i ''[[Setesdølen]]'' ca. 1982 er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til fram mot 1978. | I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i ''[[Setesdølen]]'' ca. 1982 er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til fram mot 1978. | ||
== Bygningane == | |||
Stogehuset og stolpehuset står i sitt opphavelege miljø. Fjøset er henta frå Torshus i Åmli. Størstedelen av løa kjem frå Spennibakk på Austad, supplert med delar av løa frå torshus. Bygningane hadde same dimensjon, og er lagt på dei originale uthus-fundamenta. I september 2024 fekk stoga i Hagen nytt never- og torvtak, etter at det gamle hadde rast ned for nokre år sidan. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
| Line 21: | Line 22: | ||
*Opplysningar i elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk | *Opplysningar i elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk | ||
*[[Sigurd Haugsgjerd]], ''Nytt nevertak på Lauvdal'', artikkel i [[Setesdølen nr. 58, 2024]], side 12 | *[[Sigurd Haugsgjerd]], ''Nytt nevertak på Lauvdal'', artikkel i [[Setesdølen nr. 58, 2024]], side 12 | ||
*''Samarbeidsprosjekt for å revitalisere Hagen'', prosjektrapport utarbeidd av Setesdal bygningsvernsenteretter møte om Hagen hausten 2023 | |||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157652632238492 Bilete frå husmannsplassen] | *[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157652632238492 Bilete frå husmannsplassen] | ||
| Line 33: | Line 34: | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | [[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | ||
[[Kategori:Setesdalsmuseet]] | |||
[[Kategori:Lauvdal]] | [[Kategori:Lauvdal]] | ||
Siste versjonen frå 13. august 2025 kl. 08:18

Husmannsplassen Hagen (gnr 51 bnr 18) ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland, ved den gamle trasèen til Rv-9 gjennom bygda. Plassen blei fråflytta rundt 1978, og har fått stå urørt sidan. Frå 1984 er han ein del av bygningsmassen til Setesdalsmuseet. Eigarskapen er delt mellom Setesdalsmuseet og Bygland Tun (Bygland kommune).
Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av Setesdal. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opphavelege miljø, utan ombygging m.m.
Historie
Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen ca. 1793. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura.
Pål Gunsteinson Lauvdal (fødd 1839) skal ha vore den første som bygsla Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Eitt av borna deira var Gunnhild Pålsdotter Lauvdal (1876–1950). Ho var fødd i Hagen. Bror til Pål, Saave Gunsteinson Lauvdal (fødd 1853) overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Saave var gift med Gunhild Sjølluvsdotter Lauvdal (fødd 1860). Eitt av borna deira, Gunstein S. Lauvdal (fødd 1897), blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i stoga i Hagen heilt til han flytta til Byglandsheimen i høg alder (ca. 1978). Anne Hagen Skjeggedal var også fødd i Hagen. Ho var borneborn til Saave og Gunhild.
I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i Setesdølen ca. 1982 er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til fram mot 1978.
Bygningane
Stogehuset og stolpehuset står i sitt opphavelege miljø. Fjøset er henta frå Torshus i Åmli. Størstedelen av løa kjem frå Spennibakk på Austad, supplert med delar av løa frå torshus. Bygningane hadde same dimensjon, og er lagt på dei originale uthus-fundamenta. I september 2024 fekk stoga i Hagen nytt never- og torvtak, etter at det gamle hadde rast ned for nokre år sidan.
Kjelder
- Lauvdal på Wikipedia (bokmål), besøkt 29. mars 2015
- Om husmannsplassen Hagen hos Norsk Kulturarv
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 331, elektronisk utgåve hos Nasjonalbiblioteket
- Kjell Lande, grunneiger og nabo, opplysningar om siste personen som budde i Hagen, opplyst til Geir Daasvatn august 2023
- Opplysningar i elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk
- Sigurd Haugsgjerd, Nytt nevertak på Lauvdal, artikkel i Setesdølen nr. 58, 2024, side 12
- Samarbeidsprosjekt for å revitalisere Hagen, prosjektrapport utarbeidd av Setesdal bygningsvernsenteretter møte om Hagen hausten 2023