Minnesteinen etter Setesdalsbanen: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lenke Grimsbrua |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Minnesteinen etter Setesdalsbanen''' står frå 2022 ved [[Kristiansand jernbanestasjon]]. Han er til minne om det første spadestikket som blei teke då [[Setesdalsbanen]] skulle byggast. Kong Oscar II utførte det spadestikket under ei tilstelning på Brønnstykket på [[Grim]] i [[Kristiansand]] [[21. juli 1891]]. | '''Minnesteinen etter Setesdalsbanen''' står frå 2022 ved [[Kristiansand jernbanestasjon]]. Han er til minne om det første spadestikket som blei teke då [[Setesdalsbanen]] skulle byggast. Kong Oscar II utførte det spadestikket under ei tilstelning på Brønnstykket på [[Grim]] i [[Kristiansand]] [[21. juli 1891]]. | ||
Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor Grimsbrua. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi. | Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor [[Grimsbrua]]. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi. | ||
Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde [[21. juli 1991]], på dagen 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i [[Bygland]], [[Sigbjørn Horverak]]. | Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde [[21. juli 1991]], på dagen 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i [[Bygland]], [[Sigbjørn Horverak]]. | ||
| Line 18: | Line 18: | ||
[[Kategori:Bautaer]] | [[Kategori:Bautaer]] | ||
[[Kategori:Setesdalsbanen]] | [[Kategori:Setesdalsbanen]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Kristiansand]] | |||
Siste versjonen frå 22. mai 2025 kl. 10:40

Minnesteinen etter Setesdalsbanen står frå 2022 ved Kristiansand jernbanestasjon. Han er til minne om det første spadestikket som blei teke då Setesdalsbanen skulle byggast. Kong Oscar II utførte det spadestikket under ei tilstelning på Brønnstykket på Grim i Kristiansand 21. juli 1891.
Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor Grimsbrua. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi.
Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde 21. juli 1991, på dagen 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i Bygland, Sigbjørn Horverak.
I 2022 blei minnesteinen flytta endå ein gong, nå til jernbanestasjonen i Kristiansand.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, side 12
- Roar Olsen (red.), Fra gamp til damp. Setesdalsbanen - de første hundre år, utgjeve av Stiftelsen Setesdalsbanen, 1996, side 55–56
- Om flyttinga i 2022 på heimesida til Vest-Agdermuseet