Minnesteinen etter Setesdalsbanen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Fra gamp til damp
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Grimsbrua
 
(2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Setesdalsbanen minnestein Kr.sand 200323-2.jpg|mini|høgre|Minnesteinen [[20. mars 2023]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Minnesteinen etter Setesdalsbanen''' står frå 2022 ved [[Kristiansand jernbanestasjon]]. Han er til minne om det første spadestikket som blei teke då [[Setesdalsbanen]] skulle byggast. Kong Oscar II utførte det spadestikket under ei tilstelning på Brønnstykket på [[Grim]] i [[Kristiansand]] [[21. juli 1891]].

Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor Grimsbrua. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi.
Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor [[Grimsbrua]]. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi.

Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde [[21. juli 1991]], på dagen 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i [[Bygland]], [[Sigbjørn Horverak]].

Line 17: Line 18:
[[Kategori:Bautaer]]
[[Kategori:Bautaer]]
[[Kategori:Setesdalsbanen]]
[[Kategori:Setesdalsbanen]]
[[Kategori:Kulturminner i Kristiansand]]

Siste versjonen frå 22. mai 2025 kl. 10:40

Minnesteinen 20. mars 2023.

Minnesteinen etter Setesdalsbanen står frå 2022 ved Kristiansand jernbanestasjon. Han er til minne om det første spadestikket som blei teke då Setesdalsbanen skulle byggast. Kong Oscar II utførte det spadestikket under ei tilstelning på Brønnstykket på Grim i Kristiansand 21. juli 1891.

Minnesmerket blei først sett opp i 1954. Då blei minnesteinen avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor Grimsbrua. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge. Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde fare forbi.

Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde 21. juli 1991, på dagen 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i Bygland, Sigbjørn Horverak.

I 2022 blei minnesteinen flytta endå ein gong, nå til jernbanestasjonen i Kristiansand.

Kjelder

Eksterne lenker