Matsvin (kvern): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kjelder |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
[[Kategori:Ord og uttrykk]] | [[Kategori:Ord og uttrykk]] | ||
[[Kategori:Landbruksredskaper]] | |||
Siste versjonen frå 31. desember 2024 kl. 10:17

Foto: Geir Daasvatn
Matsvinet er ein del av utstyret inne i eit kvernhus. Det er eit lite trôg som er under via, den trakteforma kassa over kvernsteinane. I den eine enden går trôget ut i ein tut, som endar rett over kvernauga. Kornet som er tømt opp i via renn ned i matsvinet. Derfrå druslar det lett og jamnt via tuten ned i kvernauga.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 118–119