Onsdagsprogram Valle Radio 20101027: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Program: vedtak i kommunestyret
Siri J (diskusjon | bidrag)
 
(12 mellomliggjande versjonar av 4 brukarar er ikkje viste)
Line 2: Line 2:


Møtet starta med synfaring klokka 15:30 hos GD Laftebygg på Rysstadmo. Avreisa var frå kommunehuset i Valle klokka 15, og ved returen var det servering av kompe før møtet starta klokka 18:00. Til å begynne med orienterte [[Signe Sollien Haugå]] om den regionale utviklingsplanen og [[Setesdal regionråd]] sin handlingsplan for 2011. Saman med henne var [[Agnete Rieber Mohn]] med på orienteringa. Etter denne var det gruppedrøfting av dei emna som som var tekne opp. Her kom det fram at det var viktig å samarbeide godt i Setesdal Regionråd.
Møtet starta med synfaring klokka 15:30 hos GD Laftebygg på Rysstadmo. Avreisa var frå kommunehuset i Valle klokka 15, og ved returen var det servering av kompe før møtet starta klokka 18:00. Til å begynne med orienterte [[Signe Sollien Haugå]] om den regionale utviklingsplanen og [[Setesdal regionråd]] sin handlingsplan for 2011. Saman med henne var [[Agnete Rieber Mohn]] med på orienteringa. Etter denne var det gruppedrøfting av dei emna som som var tekne opp. Her kom det fram at det var viktig å samarbeide godt i Setesdal Regionråd.
[[Steinar Kyrvestad]] orienterte om at han har gått frå Valle Senterparti til Valle Arbeiderparti.


==Program==
==Program==
Line 29: Line 31:
:'''Ordinære anlegg:'''
:'''Ordinære anlegg:'''
:#Prestegardskogen frilufts- og aktivitetsområde, turløype (har søkt om spelemidlar)
:#Prestegardskogen frilufts- og aktivitetsområde, turløype (har søkt om spelemidlar)
:#Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde
:#[[Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde]]
:#Møykjeromet. Utviding med spinningsal
:#Møykjeromet. Utviding med spinningsal
:#Langrennsstadion, Furestøyl
:#Langrennsstadion, Furestøyl
Line 86: Line 88:


;PS 95/10 Heieplanen – innspel frå Valle kommune SAKA ETTERSENDAST
;PS 95/10 Heieplanen – innspel frå Valle kommune SAKA ETTERSENDAST
Ettersom saka vart ettersendt, må vedtaket kome inn seinare. Innspel frå folkemøtet vart lese opp og lagt ved.


==Sjå også==
==Sjå også==
*[[Valle Radio program hausten 2010]]
*[[Valle Radio program hausten 2010]]


==Eksterne lenker==
*[https://setesdalswiki.no/blog/steinar-kyrvestad-bytter-plass-9813838/ Valle Radios blogg om møtet]


 
[[Kategori:Valle Radio høsten 2010]]
[[Kategori:Valle Radio]]
[[Kategori:Møter i Valle kommunestyre|2010]]
[[Kategori:Valle]]

Siste versjonen frå 21. april 2024 kl. 17:18

Onsdagsprogram Valle Radio 20101027 var overføring av møte i Valle kommunestyre. Sendinga i Valle Radio tok til 27. oktober 2010 klokka 18:00 og teknikar var Torhild Sandnes.

Møtet starta med synfaring klokka 15:30 hos GD Laftebygg på Rysstadmo. Avreisa var frå kommunehuset i Valle klokka 15, og ved returen var det servering av kompe før møtet starta klokka 18:00. Til å begynne med orienterte Signe Sollien Haugå om den regionale utviklingsplanen og Setesdal regionråd sin handlingsplan for 2011. Saman med henne var Agnete Rieber Mohn med på orienteringa. Etter denne var det gruppedrøfting av dei emna som som var tekne opp. Her kom det fram at det var viktig å samarbeide godt i Setesdal Regionråd.

Steinar Kyrvestad orienterte om at han har gått frå Valle Senterparti til Valle Arbeiderparti.

Program

PS 86/10 Referatsaker
  • RS 45/10 Årsmelding og årsrekneskap for 2009 - Konsesjonskraftfondet KAAIKS
  • RS 46/10 Møtebok frå Agder Sekretariat m/ budsjett 2011
PS 87/10 Førespurnader
PS 88/10 Rådmannen orienterer
PS 89/10 Ordføraren orienterer
  • Varaordførar Pål Dale orienterte først: TV-aksjonen. Valle Sparebank kjøpte Nupenbiletet. Takk til alle som gav, bøssebærarane og Valle Sparebank. Totalen vart over 90.000 kroner. Haustkonferanse innan helsevesenet var på Rysstad måndag. Ein satsar på å gjere dette til årleg tradisjon.
  • Deretter orienterte ordføraren: Gledeleg at krypsiv har kome på statsbudsjettet med 3 mill. Universitetet på Agder burde gripe høvet innan forskning her. Brokke Sør kan startast våren 2011, men selskapet vil vente med Brokke Nord på grunn av at avkastninga ikkje er god nok. Torsdag skal alle ordførarane til Oslo for å rekruttere unge til å flytte heim. Otra Kraft har 30 årsverk dei treng i åra som kjem. I 2007 flytta 60 personar til Valle, og 61 ut. Vi har store utfordringar her.
PS 90/10 Rullering av handlingprogram for kommunedelplan for idrett og friluftsliv
  • Rådmannen tilrår:
  • Handlingsprogrammet for kommunedelplanen for idrett og friluftsliv blir rullert med følgjande prioritering av tiltak i 2011:
Nærmiljøanlegg:
  1. Sambindingsvegen Prestegardskogen – Kvernhusvegen: Skilting, kart, benkar, rasteplassar, tilrettelegging
  2. Leirduebane
  3. Skuleområdet Valle skule
  4. Gang- og sykkelvegar
Ordinære anlegg:
  1. Prestegardskogen frilufts- og aktivitetsområde, turløype (har søkt om spelemidlar)
  2. Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde
  3. Møykjeromet. Utviding med spinningsal
  4. Langrennsstadion, Furestøyl
  5. Kunstgrasbane, Valle stadion
  6. Oppgradering av friidrettsdelen av Valle stadion
  7. Skiskyttaranlegg Furestøyl

Samrøystes vedteke

PS 91/10 Evaluering Setesdal Brannvesen IKS - kostnadsfordeling
Vedtak i formannskapet

Ny kostnadsfordeling mellom kommunane med 40% likedeling og 60% etter kostnadsanalysen i evalueringsrapporten. Samla % blir slik:

Kommune Fordeling
  • Bygland 17,7%
  • Bykle 25,7%
  • Evje og Hornnes 20,6%
  • Iveland 17,9%
  • Valle 18,1%

Ny fordelingsnøkkel gjeld frå 2011. Det er ynskjeleg med tilsvarande gjennomgang av kostnadsfordeling ei gong i kvar valperiode. Det må inn som eit punkt i selskapsavtalen. I høve momenta i saka, har Valle kommune fått ein for høg del av kostnadane.

PS 92/10 IKT-samarbeid i Setesdal
Vedtak i formannskapet

Valle kommune vil saman med Bykle kommune, Bygland kommune og Evje- og Hornnes kommune organisere drift av IKT som eit samarbeid etter §27 i kommuneloven. Samarbeidet blir organisert som eit eige rettssubjekt.

Valle kommune godkjenner framlagde vedtekter, og gir styret fullmakt til å godkjenne samarbeidsavtale, avtale med tilsette, tilsette dagleg leiar og følgje opp etableringa av ny organisasjon.

Det er ein ambisjon å kome i gang med ny driftsorganisasjon frå 01.04.2011. Rådmannen innarbeider konsekvensane i budsjett for 2011. Ein legg til grunn årshjulet for interkommunale verksemder.

IKS som Bykle, Valle, Bygland og Evje- og Hornnes deltek i, vil få utført sine tenester frå Setesdal IKT-teneste, som ein del av kommunale ytingar til desse tenesteområda.

«Vedtaket frå Bygland vert teke inn i saka» etter forslag frå Pål Dale

Samrøystes

PS 93/10 Felles ROS-analyse for Setesdal

Vedtak i formannskapet: Kommunestyret tek felles risiko og sårbarheitsanalyse for kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland til etterretning. Samrøystes

PS 94/10 Saksframlegg - Godkjenning av reguleringsplan for Bergsøytjønn - Videvad

Vedtak i planutvalet: I medhald av plan- og bygningslova av 1985 §§ 27-2, kan Reguleringsplan for Bergsøyetjønn – Videvad godkjennast med plankart datert 7. september 2010 og føresegn datert 7. september 20100. Samrøystes

PS 95/10 Heieplanen – innspel frå Valle kommune SAKA ETTERSENDAST

Ettersom saka vart ettersendt, må vedtaket kome inn seinare. Innspel frå folkemøtet vart lese opp og lagt ved.

Sjå også

Eksterne lenker