Fennefossen: Skilnad mellom versjonar
s Omredigert artikkelen litt for å få det viktigste først |
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
||
| (28 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Fennefossen 080913.JPG|miniatyr|Fennefossen sett frå austsida av Otra mot Fennefossfjellet. {{byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Fennefossen 080913.JPG|miniatyr|Fennefossen sett frå austsida av Otra mot Fennefossfjellet. {{byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Fennefossen''' er ein foss i [[Otra]], i [[Evje og Hornnes kommune]], kort veg frå [[Evje]] sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. | [[Fil:Fennefossen Evje og Hornnes 241016 (2)-3.jpg|miniatyr|høyre|Fossen kan under dei rette forhold sjå ut som ei samling snøfenner. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
[[Fil:Fennefossen 290815 (3)-3.jpg|miniatyr|høyre|Når det er omslag frå regnvær til klarvær ligg det ofte nokre skybankar att rundt Fennefossfjellet og Fennefossen, før morgonsola varmar skyene vekk. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Fennefossen''' er ein foss i [[Otra]], i [[Evje og Hornnes kommune]], kort veg frå [[Evje]] sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. Området rundt Fennefossen ([[Verksmoen]] m.m.) er det rikaste kulturminneområdet i Evje og Hornnes.<ref>[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 279-280</ref> | |||
Agder Energi Produksjon AS, seinere gjort om til Agder Energi Vannkraft AS og deretter Å Energi Vannkraft AS, har konsesjon til bygging av [[Fennefoss kraftverk]] i fossen. Utbygginga kom i gang hausten 2020, og blei fullført våren 2023. Utbygginga har ført til sterkt redusert vassføring i fossen.<ref>[https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/konsesjon-til-agder-energi-vannkraft-as-for-bygging-av-fennefoss-kraftverk/id2466843/ Pressemelding på Regjeringen.no om konsesjon for bygging av Fennefoss kraftverk]</ref> | |||
I [[ | == Namnet == | ||
Ingen kan sikkert seie kva ordet Fennefoss tyder. Men sentrale namn, i tilknytning til elvar og fjell, er blant dei eldste stadnamna. Namnet var kanskje ein gong Fenjarfoss, der første leddet er genitiv fleirtal av ''fen''. Namnet tyder då fossen ved fena.<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes Sogelag]], 1990, side 63-64</ref> Namneforskaren Olav Ryg meiner namnet kjem av fen, våtlendt mark, som han meiner finst på begge sider av elva. [[Jørgen Moseid]] trur namnet kjem av den femte fossen, rekna frå [[Byglandsfjorden]].<ref>[[Oddmund Mogstad]], ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, side 32</ref> Moseid reknar då kanskje med Lislefoss rett nedanfor [[Syrtveitsfossen]], eller [[Varpestraumen]] ovanfor [[Birkelandsfossen]], til fossane i Evje og Hornnes, i tillegg til dei fire store? Endå ei forklaring, som den lokale namnekjennaren [[Oddmund Mogstad]] trur kan ha mykje for seg, er at namnet kjem av fånn, snøfonn (fleirtal fennirfors): Fossen ser ut som ei samling snøfenner når ein ser han nedanfrå.<ref>Oddmund Mogstad, ''Vassdragsnamn i Evje og Hornnes'', artikkel i Arnstein, 2009, side 31</ref> Sogemannen [[Jon Løyland]] skreiv også ned ei historie han hadde høyrd. Kari Tverfu datt i åna nedunder fossen, men kom opp att oppå fossen. Ho stod bisna på dette. '' - De va fenn ti` foss'', sa ho. Så vart fossen heitande Fennefoss.<ref>[[Leonhard Jansen]], ''Eit møte med sogemannen Jon Løyland (1887-1975)'', artikkel i Agder Historielag sitt årsskrift nr. 84/2008, side 15</ref> | |||
Lokalhistorikaren [[Sigmund Monen]] har lagt fram ei femte mogeleg forklaring. Fennefoss kan bety «dei fire fossane». Når elvepadlarane i steinalderen kom oppover Otra i dei lette skinnbåtane sine til den første av dei fire fossane, visste dei at dei måtte dra båtane på land og framom Fennefossen, Birkelandsfossen, [[Volefossen]] og Syrtveitsfossen. Fennefoss blei då eit namn på den første fossen og på same tid eit namn på den store, samla hindringa i Nedre Setesdal, som alle dei fire fossane var ein del av.<ref>Sigmund Monen, ''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 280-282</ref> | |||
== Historie == | |||
I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til [[Setesdal]] og etter kvart til [[Fennefoss]] i [[Hornnes]]. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i 1804, og fekk løyve til å sette opp papirmølle og vanleg kornmølle, og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar, og papirproduksjonen kom i gang i 1806. Papirmølla blei lagd ned alt i 1813. Men verksemda i fossen elles fortsatte, og bygdefolket fekk kornet sitt malt på mølla her til ut på 1900-talet. Industrireisinga på vestsida av Fennefossen vart den første større næringa i Evje og Hornnes og heile Setesdal som ikkje var knytta til utnytting av jord.<ref>Leonhard Jansen, ''[[Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814]]'', hefte utgjeve av [[Setesdalsmuseet]], 2014, side 11-13</ref> | |||
Den lokale gründeren [[Jens Nottoson Bjorå]] bygde butikk, kornmølle og bustadhus i [[Fossvik]] på austsida av Fennefossen rundt 1840-1847. Dette var dei aller første husa i det som seinare blei stasjonsbyen [[Evje]]. [[Adolph Johan Abrahamsen]], som seinare blei ein av dei første handelsmennene i [[Hornnes]] og var med i det aller første styret i [[Evje og Hornnes Sparebank]],<ref>[[Sigurd Haugsgjerd]], ''[[150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014]]'', jubileumsbok, 2016, side 11</ref> var ei stund kompanjongen hans. Seinare løyste Bjorå ut Abrahamsen, og selde austsida av Fennefossen til infanterikaptein [[Fridtjof A. Henriksen]] i Kristiansand.<ref>Sigmund Monen, ''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 319-321</ref> Henriksen var føregangsmannen for å bygge ut [[Evje nikkelverk]] her. Verket var i drift frå 1873 til 1946, og er den største industriverksemda som har vore i [[Setesdal]] nokon gong. Drifta var basert på nikkel frå [[Flåt nikkelgruve]]. I samband med drifta av Verket blei det også bygd [[Evje kraftstasjon|kraftstasjon]] i fossen. Stasjonen var i drift 1909-1962. I dag er det bare ruinar å sjå etter stasjonen. | |||
== Referansar == | |||
<references/> | |||
*[ | |||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157662397025795 Geir Daasvatn sine bilete av Fennefossen på Flickr] | |||
==Kart== | ==Kart== | ||
{{ | {{#display_map: 58.58419644616651,7.78943790244905~Fennefossen Evje}} | ||
[[Kategori:Otra]] | [[Kategori:Otra]] | ||
[[Kategori:Fosser i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Fosser i Evje og Hornnes]] | ||
Siste versjonen frå 5. februar 2024 kl. 13:59


Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. Området rundt Fennefossen (Verksmoen m.m.) er det rikaste kulturminneområdet i Evje og Hornnes.[1]
Agder Energi Produksjon AS, seinere gjort om til Agder Energi Vannkraft AS og deretter Å Energi Vannkraft AS, har konsesjon til bygging av Fennefoss kraftverk i fossen. Utbygginga kom i gang hausten 2020, og blei fullført våren 2023. Utbygginga har ført til sterkt redusert vassføring i fossen.[2]
Namnet
Ingen kan sikkert seie kva ordet Fennefoss tyder. Men sentrale namn, i tilknytning til elvar og fjell, er blant dei eldste stadnamna. Namnet var kanskje ein gong Fenjarfoss, der første leddet er genitiv fleirtal av fen. Namnet tyder då fossen ved fena.[3] Namneforskaren Olav Ryg meiner namnet kjem av fen, våtlendt mark, som han meiner finst på begge sider av elva. Jørgen Moseid trur namnet kjem av den femte fossen, rekna frå Byglandsfjorden.[4] Moseid reknar då kanskje med Lislefoss rett nedanfor Syrtveitsfossen, eller Varpestraumen ovanfor Birkelandsfossen, til fossane i Evje og Hornnes, i tillegg til dei fire store? Endå ei forklaring, som den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad trur kan ha mykje for seg, er at namnet kjem av fånn, snøfonn (fleirtal fennirfors): Fossen ser ut som ei samling snøfenner når ein ser han nedanfrå.[5] Sogemannen Jon Løyland skreiv også ned ei historie han hadde høyrd. Kari Tverfu datt i åna nedunder fossen, men kom opp att oppå fossen. Ho stod bisna på dette. - De va fenn ti` foss, sa ho. Så vart fossen heitande Fennefoss.[6]
Lokalhistorikaren Sigmund Monen har lagt fram ei femte mogeleg forklaring. Fennefoss kan bety «dei fire fossane». Når elvepadlarane i steinalderen kom oppover Otra i dei lette skinnbåtane sine til den første av dei fire fossane, visste dei at dei måtte dra båtane på land og framom Fennefossen, Birkelandsfossen, Volefossen og Syrtveitsfossen. Fennefoss blei då eit namn på den første fossen og på same tid eit namn på den store, samla hindringa i Nedre Setesdal, som alle dei fire fossane var ein del av.[7]
Historie
I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i 1804, og fekk løyve til å sette opp papirmølle og vanleg kornmølle, og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar, og papirproduksjonen kom i gang i 1806. Papirmølla blei lagd ned alt i 1813. Men verksemda i fossen elles fortsatte, og bygdefolket fekk kornet sitt malt på mølla her til ut på 1900-talet. Industrireisinga på vestsida av Fennefossen vart den første større næringa i Evje og Hornnes og heile Setesdal som ikkje var knytta til utnytting av jord.[8]
Den lokale gründeren Jens Nottoson Bjorå bygde butikk, kornmølle og bustadhus i Fossvik på austsida av Fennefossen rundt 1840-1847. Dette var dei aller første husa i det som seinare blei stasjonsbyen Evje. Adolph Johan Abrahamsen, som seinare blei ein av dei første handelsmennene i Hornnes og var med i det aller første styret i Evje og Hornnes Sparebank,[9] var ei stund kompanjongen hans. Seinare løyste Bjorå ut Abrahamsen, og selde austsida av Fennefossen til infanterikaptein Fridtjof A. Henriksen i Kristiansand.[10] Henriksen var føregangsmannen for å bygge ut Evje nikkelverk her. Verket var i drift frå 1873 til 1946, og er den største industriverksemda som har vore i Setesdal nokon gong. Drifta var basert på nikkel frå Flåt nikkelgruve. I samband med drifta av Verket blei det også bygd kraftstasjon i fossen. Stasjonen var i drift 1909-1962. I dag er det bare ruinar å sjå etter stasjonen.
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 279-280
- ↑ Pressemelding på Regjeringen.no om konsesjon for bygging av Fennefoss kraftverk
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 1990, side 63-64
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, side 32
- ↑ Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein, 2009, side 31
- ↑ Leonhard Jansen, Eit møte med sogemannen Jon Løyland (1887-1975), artikkel i Agder Historielag sitt årsskrift nr. 84/2008, side 15
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 280-282
- ↑ Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, hefte utgjeve av Setesdalsmuseet, 2014, side 11-13
- ↑ Sigurd Haugsgjerd, 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014, jubileumsbok, 2016, side 11
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 319-321