Senumsbåtane: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lenkefiks |
Utvidet litt |
||
| (5 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Senumsbåtane''' var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på [[Byglandsfjorden]], mellom [[Gullsmedmoen]] og [[Ose]], før dampbåtane [[DB Dølen]] og seinare [[DB Bjoren]] kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Truleg var det fleire | '''Senumsbåtane''' var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på [[Byglandsfjorden]], mellom [[Gullsmedmoen]] og [[Ose]], før dampbåtane [[DB Dølen]] og seinare [[DB Bjoren]] kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Dei hadde kjøl og ror, etter tradisjonen på Senum, og skal også ha hatt segl. Truleg var det fleire menn som måtte til for å ro båtane. Det var såleis etter måten dyre farkostar, som representerte ein verdifull eigedom. | ||
Det var bøndene på [[Senum]] i [[Hornnes]] som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene | Det var bøndene på [[Senum]] i [[Hornnes]] som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene nok meinte dei hadde einerett på henne. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VIII, Kultursoge 2]]'', utgjeve av Valle kommunne, 1994, side | *[[Jørgen Moseid]], ''Senomsbåtane'', artikkel i [[Årsskrift for Agder Historielag]], 1961, side 41–56 | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VIII, Kultursoge 2]]'', utgjeve av Valle kommunne, 1994, side 290–292 | |||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 237 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 237 | ||
*''[[Byglands soge]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 1939, side 196–197 | |||
*Leonhard Jansen m.fl., ''[[Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9]]'', [[Bokbyen Forlag]], 2018, side 112 | |||
Siste versjonen frå 1. juli 2023 kl. 07:30
Senumsbåtane var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på Byglandsfjorden, mellom Gullsmedmoen og Ose, før dampbåtane DB Dølen og seinare DB Bjoren kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Dei hadde kjøl og ror, etter tradisjonen på Senum, og skal også ha hatt segl. Truleg var det fleire menn som måtte til for å ro båtane. Det var såleis etter måten dyre farkostar, som representerte ein verdifull eigedom.
Det var bøndene på Senum i Hornnes som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene nok meinte dei hadde einerett på henne.
Kjelder
- Jørgen Moseid, Senomsbåtane, artikkel i Årsskrift for Agder Historielag, 1961, side 41–56
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommunne, 1994, side 290–292
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 237
- Byglands soge, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1939, side 196–197
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 112
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.