Grobotn 4H: Skilnad mellom versjonar
s Lenke på dato + lagt til en kategori |
s →Kjelder: orto |
||
| (3 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Grobotn 4H''' er 4H-klubben i [[Hornnes]]. Klubben vart | '''Grobotn 4H''' er 4H-klubben i [[Hornnes]]. Klubben vart skipa i 1954 og feira 50 års-jubileum laurdag [[30. oktober 2004]]. Den første formannen i klubben (1954–1958) var [[Gunnar Oseng]], som seinare vart misjonær i Etiopia. [[Arnar Kjetså]] hadde vore medlem og ein av dei viktigaste pådrivarane for klubben i over 20 år, og han vart heidra med 4H sitt æresdiplom på festen. | ||
== | Det var læraren [[Sigmund Faret]] som tok initiativ til å etablere klubben, som heldt til i eit klasserom på [[Kjetså skule|Voilestø]] den første tida. Seinare har aktiviteten også vore på [[Hornnes bedehus]], [[Øvre Hannås]] og [[Hornnes barneskule]]. | ||
Dei tre viktigaste, årlege tilstelningane er haustfesten, årsmøtet og markeringa av 4H-dagen i mai. Medlemsmøta er på skulekjøkkenet på Hornnes barneskule. | |||
I 2019 har Grobotn 4H 16 aktive medlemar frå 9 til 14 år. | |||
==Kjelder== | |||
*[[Ørjan Hatteberg]]: Arnar Kjetså fekk 4H-æresdiplom. Artikkel i [[Setesdølen nr. 86, 2004]] side 6 | *[[Ørjan Hatteberg]]: Arnar Kjetså fekk 4H-æresdiplom. Artikkel i [[Setesdølen nr. 86, 2004]] side 6 | ||
*[[Linn Moseid]], ''Grobotn 4H - Hornnes'', artikkel i [[Arnstein 2019]], side 11–14 | |||
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1954]] | [[Kategori:Etableringer i 1954]] | ||
[[Kategori:Lag og foreninger]] | [[Kategori:Lag og foreninger]] | ||
Siste versjonen frå 5. juni 2023 kl. 16:54
Grobotn 4H er 4H-klubben i Hornnes. Klubben vart skipa i 1954 og feira 50 års-jubileum laurdag 30. oktober 2004. Den første formannen i klubben (1954–1958) var Gunnar Oseng, som seinare vart misjonær i Etiopia. Arnar Kjetså hadde vore medlem og ein av dei viktigaste pådrivarane for klubben i over 20 år, og han vart heidra med 4H sitt æresdiplom på festen.
Det var læraren Sigmund Faret som tok initiativ til å etablere klubben, som heldt til i eit klasserom på Voilestø den første tida. Seinare har aktiviteten også vore på Hornnes bedehus, Øvre Hannås og Hornnes barneskule.
Dei tre viktigaste, årlege tilstelningane er haustfesten, årsmøtet og markeringa av 4H-dagen i mai. Medlemsmøta er på skulekjøkkenet på Hornnes barneskule.
I 2019 har Grobotn 4H 16 aktive medlemar frå 9 til 14 år.
Kjelder
- Ørjan Hatteberg: Arnar Kjetså fekk 4H-æresdiplom. Artikkel i Setesdølen nr. 86, 2004 side 6
- Linn Moseid, Grobotn 4H - Hornnes, artikkel i Arnstein 2019, side 11–14