Arbeidstenesta: Skilnad mellom versjonar
→Lokale spor: logoen |
s Orto |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Arbeidstenesta minnestein Galteland 230916-2.jpg|miniatyr|høyre|[[Minnesteinen etter Arbeidstenesta]] på [[Galteland]] i [[Evje]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Arbeidstenesta minnestein Galteland 230916-2.jpg|miniatyr|høyre|[[Minnesteinen etter Arbeidstenesta]] på [[Galteland]] i [[Evje]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Arbeidstenesta''' i Noreg var okkupasjonstidas svar på den militære fyrstegongstenesta slik den var organisert i Norge frå 1945 og framover. Tenesta var obligatorisk, og omfatta heile 40.600 unge menn i tida | '''Arbeidstenesta''' i Noreg var okkupasjonstidas svar på den militære fyrstegongstenesta slik den var organisert i Norge frå 1945 og framover. Tenesta var obligatorisk, og omfatta heile 40.600 unge menn i tida 1940–1945. [[Jan Egil Hansen]] frå [[Evje]] skreiv i 2011 masteroppgåva ''Stripete poteter og grumsete grøfter'' då han tok mastergraden ved [[Universitetet i Agder]]. | ||
==Militær disiplin== | ==Militær disiplin== | ||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Lite effektiv == | == Lite effektiv == | ||
Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden | Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden 1941–44 vart det utførd 404.776 løna dagsverk fordelt på 40.600 personar, noko som gjev om lag 10 dagsverk for kvar tenestegjerande. | ||
Arbeidstenesta var delt i seks arbeidsdistrikt: | Arbeidstenesta var delt i seks arbeidsdistrikt: | ||
| Line 18: | Line 18: | ||
*5. Arbeidsdistrikt - Møre og Romsdal, Sør og NordTrøndelag og Nordland. | *5. Arbeidsdistrikt - Møre og Romsdal, Sør og NordTrøndelag og Nordland. | ||
*6. Arbeidsdistrikt - Troms og Finnmark. | *6. Arbeidsdistrikt - Troms og Finnmark. | ||
Med unntak av 6. Arbeidsdistrikt var Arbeidstenesta godt utbygd med opp til 80–90 leirar på i heile landet. | Med unntak av 6. Arbeidsdistrikt var Arbeidstenesta godt utbygd med opp til 80–90 leirar på i heile landet. | ||
== Lokale spor == | == Lokale spor == | ||
Siste versjonen frå 17. april 2023 kl. 08:56

Arbeidstenesta i Noreg var okkupasjonstidas svar på den militære fyrstegongstenesta slik den var organisert i Norge frå 1945 og framover. Tenesta var obligatorisk, og omfatta heile 40.600 unge menn i tida 1940–1945. Jan Egil Hansen frå Evje skreiv i 2011 masteroppgåva Stripete poteter og grumsete grøfter då han tok mastergraden ved Universitetet i Agder.
Militær disiplin
Sjølv om Arbeidstenesta vart utførd under militær disiplin, nytta ein spade i staden for gevær under eksersisen. Alle unge menn vart kalla inn etter fylte 20 år, og omlag ein tredjepart av desse måtte gjera teneste i opp til 6 månader. Desse vart sett til diverse samfunnsnyttig arbeid, men ein del av tida gjekk óg med til å lære om Nasjonal Samlings ideologi. Av mange var Arbeidstenesta oppfatta som tvangsarbeid for tyskarane, men leiinga i Arbeidsteneste var vel meir oppteken av å unngå å arbeide for okkupantane. Den norske general Otto Ruge, som hadde leia motstanden mot invasjonen i 1940, så det som positivt at tidlegare norske offiserar var med i leiinga av Arbeidstenesta, helst for å unngå at tyskarane fekk for mykje kontroll over desse ungdomane.
Anerkjenning
I eit notat frå Forsvarets Overkommando i London, 4. august 1944, heiter det: Arbeidstjenesten hittil i virkeligheten er en av de bedrifter som har utført lite arbeid for tyskerne mens den i stor utstrekning har utført arbeid av varig verdi for landet (nyrydding, grøfting, gårds- og seterveibygging m.v.) I Riksarkivet er det 50 hyllemeter etter Arbeidstenesta.
Lite effektiv
Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden 1941–44 vart det utførd 404.776 løna dagsverk fordelt på 40.600 personar, noko som gjev om lag 10 dagsverk for kvar tenestegjerande.
Arbeidstenesta var delt i seks arbeidsdistrikt:
- 1. Arbeidsdistrikt, med staben i Oslo, omfattet Østfold, Akershus og Hedmark.
- 2. Arbeidsdistrikt - Vestfold, Telemark, Buskerud og Oppland.
- 3. Arbeidsdistrikt - Aust- og Vest-Agder samt Rogaland.
- 4. Arbeidsdistrikt - Hordaland (Bergen inkludert) og Sogn og Fjordane.
- 5. Arbeidsdistrikt - Møre og Romsdal, Sør og NordTrøndelag og Nordland.
- 6. Arbeidsdistrikt - Troms og Finnmark.
Med unntak av 6. Arbeidsdistrikt var Arbeidstenesta godt utbygd med opp til 80–90 leirar på i heile landet.
Lokale spor
Lokale spor etter Arbeidstenesta finn ein ennå i Hornnes. Hannåsleiren vart bygd opp frå botnen av som ein Arbeidstenesteleir, og vart brukt av Forsvaret i alle år etter at krigen var over, inntil både denne leiren og Evjemoen til slutt vart nedlagd. Hannåsleiren er nå i privat eige. På Galteland i Evje er det framleis spor etter ein kanal som blei grave ut der i tida 1942–1944. Tett ved Fylkesveg 42 står ein minnestein etter arbeidet. I berget rett ovafor minnesteinen er Arbeidstenesta sin logo hogge inn i fjellet.
Kjelder
- Torgeir Eikeland: Sprengt av Max - glemt av de fleste. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 21. oktober 2011 side 2 og 3
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 142