Onsdagsprogram Valle Radio 20110209: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
→21.00 Opi sending: om rebusar og spørsmål |
s Utbyting av tekst - «http://valleradio.blogs.no» til «https://setesdalswiki.no/blog» |
||
| (2 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste) | |||
| Line 23: | Line 23: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[ | *[https://setesdalswiki.no/blog Les på bloggen] | ||
*[http://valleradio.com Høyr Valle Radio] - klikk på live streaming | *[http://valleradio.com Høyr Valle Radio] - klikk på live streaming | ||
*Fylg oss på Facebook | *Fylg oss på Facebook | ||
*E-post: post@valleradio.com | *E-post: post@valleradio.com | ||
[[Kategori:Valle Radio]] | [[Kategori:Valle Radio våren 2011]] | ||
Siste versjonen frå 27. mars 2023 kl. 22:40
Onsdagsprogram Valle Radio 20110209 syner programmet i Valle Radio onsdag 9. februar 2011. Ansvarleg var Ronny Stavsholt, teknikar: Liv-Gunn Viki. Telefonvakter frå 20.30: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Janssen.
Program
18:00 Aktuell time
- Samtale med Ulf Kjelleberg, som er nytilflytta til Valle og som driv med maling og golvbelegg. Han er også fotballtrenar i Valle IL.
- Samtale med Silje Brottveit og Kjetil H. Homme om Valle Bensin, som har opna att. Det er Esso som står for profileringa, men dei tenkjer å lage Valleburger, basert på dyr frå Valle naturkjøtt. Opningstidene vert som før, i alle fall inntil vidare. Dei startar med å finne på kreative ting, og komande laurdag vil dei gje ein kasse Cola til alle som fyller og stoppar på akkurat 500,00 kroner. Dei har også lyst ledig ei stilling på Facebooksida dei har starta. Prisen på bensinen får dei frå Esso på telefaks kvar dag, så dei må fylgje desse. Dei vil ha eit godt utval på varer og får påfyll frå ASKO i morgon og på brus fredag. Dei vil og ha bilutstyr, men det vert ikkje noko servicesenter, slik det var for mange år sidan. Dei kjem ikkje til å drive med dekkskifte og slike aktivitetar.
19:00 Tankar frå Bibelen
19.30 Kommunen informerer
- Liv Tanche-Larsen var kveldens gjest frå Valle kommune. Ho presenterte saker frå kommunen si heimeside og frå februarnummeret av Bygdenytt. Liv er leiar i Hylestad barnehage, og på slutten snakka ho og litt om saker derifrå.
20.00 Musikkprogram
- Katrine Johnsen var aleine denne kvelden, for Selma Margaret Dahlin låg i influensa. Ho snakka om heimlenggt og sende helsingar til familien i Nord-Norge, som høyrde på programmet på Internett. Ho fortalde og at i morgon, torsdag 10. februar 2011, starta årets første workshop på Valle vidaregåande skule. Då kjem 11 elevar og skal hospitere på skulen fram til sundag.
20.30 Ronnys halvtime
Temaet hans i denne halvtimen var skjegg.
21.00 Opi sending
- Ved Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad. Jorunn hadde laga rebusar og Kåre hadde spørsmål relatert til VM på ski sist det var i Oslo.
Eksterne lenker
- Les på bloggen
- Høyr Valle Radio - klikk på live streaming
- Fylg oss på Facebook
- E-post: post@valleradio.com