Stev for dagen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
omtale
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Presisert en kategori
 
Line 16: Line 16:
[[Kategori:Musikkalbum]]
[[Kategori:Musikkalbum]]
[[Kategori:Folkemusikk]]
[[Kategori:Folkemusikk]]
[[Kategori:Valle]]
[[Kategori:Kultur i Valle]]

Siste versjonen frå 18. april 2022 kl. 08:34

Platecoveret

Stev for dagen er eit musikkalbum og ei stevsamling med 366 stev, eitt for kvar dag i året, av Kirsten Bråten Berg, Astri Rysstad og Kari Rolfsen. Samlinga kom ut våren 2007 på Heilo plateselskap.

Utvelging av stev står dei to første for, Kari Rolfsen står for illustrasjonane. Ettersom svært mange av steva er frå Valle og vert framførde setesdalsdialekt, fylgjer det med ordforklaring til plata.

Dei fleste steva står Kirsten Bråten Berg for, men det er og opptak av stev som vert framførde av andre utøvarar på plata. Desse er Birgit Rike Lund, Eli Kvaale, Gro Heddi Brokke, Hallvard Dale, Hallvard Haugen, Ingebjørg Vegestog Homme, Liv Helga Brokke, Olav Harstad, Olav T. Berg, Signe O. Helle, Torbjørg Aamlid Paus og Torleiv H. Bjørgum.

Her finn ein stev av ulik karakter. Det er også teke omsyn til at steva skulle passe til den tida på året dei er blitt plasserte i samlinga.

Omtale

Eksterne lenker