Tarkjell Aslakson Austad: Skilnad mellom versjonar
bilete |
s Lagt til en kategori |

| (14 mellomliggjande versjonar av 5 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | |||
'''Tarkjell Aslakson Austad''' (1802–75) var ein spelemann frå [[Austad]] i [[Bygland]]. [[Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad]] er ein slått etter han. I 1992 gav [[Gunnar Stubseid]] og [[Vidar Lande]] ut eit musikkalbum dei kalla [[Tarkjell Aslaksons Minne]]. | | bilde = | ||
| bildetekst = | |||
| fdag = | |||
| fmåned = | |||
| får =1802 | |||
| ddag = 25 | |||
| dmåned = 11 | |||
| dår =1875 | |||

'''Tarkjell Aslakson Austad''' (1802–75) var ein spelemann frå [[Austad]] i [[Bygland]]. «[[Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad]]» er ein slått etter han. I 1992 gav [[Gunnar Stubseid]] og [[Vidar Lande]] ut eit musikkalbum dei kalla ''[[Tarkjell Aslaksons Minne]]''. | |||
==Kappspel med Myllarguten== | ==Kappspel med Myllarguten== | ||
Under eit bryllup i 1827 kappspelte han med Myllarguten, Torgeir Augundsson. Johannes Skar fortel om dette møtet i [[Gamalt or Sætesdal]]: ''Tarkjell fela fyre fyrst. Og Myllaren fylgde han, slått etter slått og vendsl etter vendsl. So fela Myllaren fyre, og Tarkjell fylgde, og han fylgde so greit. Men då kasta han bogen so snodigt Myllaren, og da kom Tarkjell av vendi.'' Då dei seinare skulle spele til dans i kvar si stoge, viste det seg at den vesle hardingfela til Myllarguten vart for svak samanlikna med flatfela til Tarkjell: ''Tarkjell fela så hågt at, at dei dansa etter hans slåttar i båe stogorne; målet kom plent burt i fela til Myllaren''. | Under eit bryllup i 1827 kappspelte han med Myllarguten, Torgeir Augundsson. [[Johannes Skar]] fortel om dette møtet i ''[[Gamalt or Sætesdal]]'': ''Tarkjell fela fyre fyrst. Og Myllaren fylgde han, slått etter slått og vendsl etter vendsl. So fela Myllaren fyre, og Tarkjell fylgde, og han fylgde so greit. Men då kasta han bogen so snodigt Myllaren, og da kom Tarkjell av vendi.'' Då dei seinare skulle spele til dans i kvar si stoge, viste det seg at den vesle hardingfela til Myllarguten vart for svak samanlikna med flatfela til Tarkjell: ''Tarkjell fela så hågt at, at dei dansa etter hans slåttar i båe stogorne; målet kom plent burt i fela til Myllaren''. | ||
==Bauta på Austad== | ==Bauta på Austad== | ||
Jonsok 1912 vart det reist ein bautastein over Tarkjell Aslakson Austad på [[Austad kyrkjegard]]. Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni | [[Fil:Tarkjell Aslakson Austads bauta.jpg|thumb|Frå avdukinga av bautaen over Tarkjell Aslakson Austad. Spelemannen er Eivind Åkhus. Med ryggen til står Knut K. Austad, og det er kona hans, Brigde (fødd Bygland) som står heilt til høgre. Frå henne og mot venstre døtrene Siri, Ingebjørg, Tore og Torbjørg. Biletet finst (svart/kvitt) i ''[[Bygland gard og ætt]]'' band III, side 416.]] | ||
[[Fil:Austad, Tarkjel Aslakson bak detalj.jpg|thumb|Baksida av Tarkjel Aslakson Austad sin bauta på [[Austad gamle kyrkjegard]] har teksta:
''Sambygdingar i | |||

''Norig og Amerika | |||

''reiste dette | |||

''minne | |||

''1912 | |||
{{byline|Siri Johannessen}}]] | |||
Jonsok 1912 vart det reist ein bautastein over Tarkjell Aslakson Austad på [[Austad gamle kyrkjegard]]. Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni. Båtane på [[Byglandsfjorden]], [[Bjoren]] og [[DB Dølen|Dølen]], gjekk ekstraturar både frå Bygland og [[Byglandsfjord]], fullpakka med stemnefolk. So mykje folk hadde det aldri vore på Austad før, folk kom ikkje bare frå Setesdal, men frå andre dalføre og. Skulelærar, seinare stortingsmann [[Aasulv Eivindson Lande]] og diktar [[Gunnar Rysstad]] tala på stemna. Fleire andre hadde også ordet. Og song og spel var det i mengdevis. [[Jon Bjørgulvsson Rysstad]] skreiv songen ''Kvi stend me her og kved i dag'' og [[Knut K. Austad]] skreiv også ein song til festen. | |||
[[Eivind | [[Eivind D. Aakhus]] hadde teke initiativ til å samle inn pengar i USA. Han sende 73 dollar til Norge, det strekte godt til. Steinhoggarane Tønnes Larson og Gunnar Larson gjorde arbeidet rimeleg, og bygdefolk drog steinen ned frå fjellet og reiste han opp. | ||
==Her me samlast, gamle - unge== | ==Her me samlast, gamle - unge== | ||
Songen er skriven av Knut K. Austad i høve avdukinga av bautastein for Tarkjell Aslakson Austad 23. juni | Songen er skriven av [[Knut K. Austad]] i høve avdukinga av bautastein for Tarkjell Aslakson Austad 23. juni 1912: | ||
:Her me samlast, gamle - unge | :Her me samlast, gamle - unge | ||
| Line 53: | Line 69: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*''Minnestein over Tarkjell Aslaksson Austad''. Artikkel i [[Setesdal Spelemannslag 50 år]] side 43-48 | *''Minnestein over Tarkjell Aslaksson Austad''. Artikkel i ''[[Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980]]'' side 43-48 | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://snl.no/.nbl_biografi/Torgeir_Augundsson/utdypning Artikkelen om Myllarguten, Torgeir Augundsson i Norsk Biografisk Leksikon] | *[http://snl.no/.nbl_biografi/Torgeir_Augundsson/utdypning Artikkelen om Myllarguten, Torgeir Augundsson i ''Norsk Biografisk Leksikon''] | ||
{{DEFAULTSORT:Austad, Tarkjell Aslakson}} | {{DEFAULTSORT:Austad, Tarkjell Aslakson}} | ||
[[Kategori:Spelemenn]] | [[Kategori:Spelemenn]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1802]] | [[Kategori:Fødsler i 1802]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1875]] | [[Kategori:Dødsfall i 1875]] | ||
[[Kategori:Austad]] | |||
Siste versjonen frå 31. mars 2021 kl. 06:32
| Tarkjell Aslakson Austad | ||

| Født: | 1802 | |
| Død: | 25. november 1875 (alder 72–73) | |
Tarkjell Aslakson Austad (1802–75) var ein spelemann frå Austad i Bygland. «Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad» er ein slått etter han. I 1992 gav Gunnar Stubseid og Vidar Lande ut eit musikkalbum dei kalla Tarkjell Aslaksons Minne.
Kappspel med Myllarguten
Under eit bryllup i 1827 kappspelte han med Myllarguten, Torgeir Augundsson. Johannes Skar fortel om dette møtet i Gamalt or Sætesdal: Tarkjell fela fyre fyrst. Og Myllaren fylgde han, slått etter slått og vendsl etter vendsl. So fela Myllaren fyre, og Tarkjell fylgde, og han fylgde so greit. Men då kasta han bogen so snodigt Myllaren, og da kom Tarkjell av vendi. Då dei seinare skulle spele til dans i kvar si stoge, viste det seg at den vesle hardingfela til Myllarguten vart for svak samanlikna med flatfela til Tarkjell: Tarkjell fela så hågt at, at dei dansa etter hans slåttar i båe stogorne; målet kom plent burt i fela til Myllaren.
Bauta på Austad

Sambygdingar i
Norig og Amerika
reiste dette
minne
1912
Jonsok 1912 vart det reist ein bautastein over Tarkjell Aslakson Austad på Austad gamle kyrkjegard. Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni. Båtane på Byglandsfjorden, Bjoren og Dølen, gjekk ekstraturar både frå Bygland og Byglandsfjord, fullpakka med stemnefolk. So mykje folk hadde det aldri vore på Austad før, folk kom ikkje bare frå Setesdal, men frå andre dalføre og. Skulelærar, seinare stortingsmann Aasulv Eivindson Lande og diktar Gunnar Rysstad tala på stemna. Fleire andre hadde også ordet. Og song og spel var det i mengdevis. Jon Bjørgulvsson Rysstad skreiv songen Kvi stend me her og kved i dag og Knut K. Austad skreiv også ein song til festen.
Eivind D. Aakhus hadde teke initiativ til å samle inn pengar i USA. Han sende 73 dollar til Norge, det strekte godt til. Steinhoggarane Tønnes Larson og Gunnar Larson gjorde arbeidet rimeleg, og bygdefolk drog steinen ned frå fjellet og reiste han opp.
Her me samlast, gamle - unge
Songen er skriven av Knut K. Austad i høve avdukinga av bautastein for Tarkjell Aslakson Austad 23. juni 1912:
- Her me samlast, gamle - unge
- til ein fest for gjæve mann,
- og me alle her vil gjera
- alt so hugnadleg me kann.
- Sæbyggjar der vest um havet
- og her i vår heimegrend
- um å reisa dette minne
- her so truge saman stend.
- Sjå den store, stautte steinen
- -av vår' eigne fjell sprengd ut
- det er gildt og vyrdslegt minne
- um den gjæve dalegut,
- - um han Tarkjell - Aslakssonen
- um den meistarspelemann!
- Frå dei menn, som rudde garden,
- veit me, at han ættast, han.
- Med si fele Tarkjell tolka
- sut og glede, lått og gråt.
- Verste liding, største sæla
- fekk han fram i felelåt.
- Ja - dei noter tyktes ganga
- reint igjennom merk og bein.
- Ein vart rørt, so tårir trilla;
- lækte vart dei verste mein.
- Tarkjells fagre tonor liver,
- um han sjølv er lagd i grav.
- Og me ynskjer borni våre
- gøymer lenge det han gav.
- Denne steinen her skal standa
- til hans minne tusend år,
- og han Tarkjell vil me bera
- stautt og trutt i hugen vår.
Kjelder
- Minnestein over Tarkjell Aslaksson Austad. Artikkel i Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980 side 43-48