Niklos K. Besteland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Navn på mor
Siri J (diskusjon | bidrag)
s kat
 
Line 51: Line 51:
[[Kategori:Medarbeidere i Valle Radio]]
[[Kategori:Medarbeidere i Valle Radio]]
[[Kategori:Fødsler i 1953]]
[[Kategori:Fødsler i 1953]]
[[Kategori:Postludium|  ]]

Siste versjonen frå 9. juni 2019 kl. 13:19

Niklos K. Besteland
Født: 6. mars 1953 (73 år)

Niklos Knutson Besteland (fødd 6. mars 1953 i Kristiansand) er medarbeidar i Valle Radio. Kvar annan veke lagar han program med orgelmusikk og kyrkjemusikk. Han har fast tidspunkt for programmet, som heiter Postludium og vert sendt tysdag klokka 20:30.

Niklos K. Besteland er ein svært kunnskapsrik person når det gjeld orgelmusikk, og han hadde eit nært samarbeid med Eilert Hægeland då han var organist i Bygland kommune. Gjennom mange år har han og møtt tidlegare domorganist Bjarne Sløgedal til samtalar om orgelmusikk og orgelspørsmål i Kristiansand. Han har og brevveksla med organistar i inn- og utland, og hans platesamling med orgelmusikk er svært rikhaldig.

I mange år laga han sylv saman med sin far, Knut N. Besteland. Mora er Sigrid Besteland (fødd 1916). Niklos er busett på Besteland heilt sør i Valle, der han har budd heile livet.


Kjelder