Torleiv Hannaas: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten språkvask i bildetekst
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret etternavn på Anne
 
(4 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 2: Line 2:
'''Torleiv Hannaas''' (fødd [[14. juli 1874]], død [[19. november 1929]]) frå [[Hannås]] i [[Hornnes]], var norsk filolog, folklorist og målmann, og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918.

Han tok utdanning i vaksen alder: Lærarskule, artium og etter kvart cand.phil. I åra 1900-1903 var han lærar ved [[Setesdals ungdomsskule|amtskulen for dei indre bygder på Agder]] saman med [[Torleif O. Homme]]. Han var statsstipendiat frå 1914 og altså professor frå 1918.
Han tok utdanning i vaksen alder: Lærarskule, artium og etter kvart cand.phil. I åra 1900-1903 var han lærar ved [[Setesdals ungdomsskule|amtsskulen for dei indre bygder på Agder]] saman med [[Torleif O. Homme]]. Han var statsstipendiat frå 1914 og altså professor frå 1918.

Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han grunnla ''Norsk Årbok'' i 1920, og redigerte den til han døydde. Han skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han gav ut fleire språkhistoriske minnesmerke, og var medarbeidar i serien ''Norske bygder'' for binda om Setesdal og Vest-Agder om språk/dialektar. I 1927 gav han ut ''Sogur frå Setesdal'', som han hadde skrive opp etter den siste "store" forteljaren i dalen - [[Olav Eivindson Austad]]. Han omsette òg mange av dei islandske sagaene til norsk. Han var engasjert til å skrive bygdesoge for Hornnes, og var i gang med dette arbeidet då han døydde brått i 1929.   
Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han grunnla ''Norsk Årbok'' i 1920, og redigerte den til han døydde. Han skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han gav ut fleire språkhistoriske minnesmerke, og var medarbeidar i serien ''Norske bygder'' for binda om Setesdal og Vest-Agder om språk/dialektar. I 1927 gav han ut ''Sogur frå Setesdal'', som han hadde skrive opp etter den siste «store» forteljaren i dalen - [[Olav Eivindson Austad]]. Han omsette òg mange av dei islandske sagaene til norsk. Han var engasjert til å skrive bygdesoge for Hornnes, og var i gang med dette arbeidet då han døydde brått i 1929.   

Torleiv Hannås var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Den nynorske boksamlinga hans på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas var kjent som ein av Noregs ivrigaste og mest kunnskapsrike boksamlarar.

== Familie ==
Far til Torleiv var bonde og skreddar [[Thomas N. Hannaas]] (f. 1843, d. 1915). Mora var [[Anne T.  Hannaas]] (f. Vetrhus 1845, d. 1944).

==Kjelder==  
==Kjelder==  
Line 12: Line 15:
*[[Rita Flottorp]], ''[[Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga]]'', fordjupingsoppgåve på grunnfagsstudiet i nordisk ved Høgskulen i Agder, 2001, s. 28

*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, føreordet  
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, føreordet  
*[[Johnny Haugen]], ''Språkforskaren Torleiv Hannaas. Hundre år sidan han blei utnemnd til professor i Bergen'', artikkel i [[Jol i Setesdal 2018]], side 32-35

{{DEFAULTSORT:Hannaas, Torleif}}
{{DEFAULTSORT:Hannaas, Torleif}}
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1874]]
[[Kategori:Fødsler i 1874]]
[[Kategori:Dødsfall i 1929]]
[[Kategori:Dødsfall i 1929]]
[[Kategori:Filologer]]
[[Kategori:Filologer]]

Siste versjonen frå 1. januar 2019 kl. 12:21

Torleiv Hannaas
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Født: 14. juli 1874
Død: 19. november 1929 (55 år)

Torleiv Hannaas (fødd 14. juli 1874, død 19. november 1929) frå Hannås i Hornnes, var norsk filolog, folklorist og målmann, og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918.

Han tok utdanning i vaksen alder: Lærarskule, artium og etter kvart cand.phil. I åra 1900-1903 var han lærar ved amtsskulen for dei indre bygder på Agder saman med Torleif O. Homme. Han var statsstipendiat frå 1914 og altså professor frå 1918.

Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han grunnla Norsk Årbok i 1920, og redigerte den til han døydde. Han skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han gav ut fleire språkhistoriske minnesmerke, og var medarbeidar i serien Norske bygder for binda om Setesdal og Vest-Agder om språk/dialektar. I 1927 gav han ut Sogur frå Setesdal, som han hadde skrive opp etter den siste «store» forteljaren i dalen - Olav Eivindson Austad. Han omsette òg mange av dei islandske sagaene til norsk. Han var engasjert til å skrive bygdesoge for Hornnes, og var i gang med dette arbeidet då han døydde brått i 1929.

Torleiv Hannås var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Den nynorske boksamlinga hans på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas var kjent som ein av Noregs ivrigaste og mest kunnskapsrike boksamlarar.

Familie

Far til Torleiv var bonde og skreddar Thomas N. Hannaas (f. 1843, d. 1915). Mora var Anne T. Hannaas (f. Vetrhus 1845, d. 1944).

Kjelder