Aktive Fredsreiser: Skilnad mellom versjonar
s kat, lenke |
→Kurs og konferansar: orto |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
=== Kurs og konferansar === | === Kurs og konferansar === | ||
[[Revsnes Hotell]] på [[Byglandsfjord]] gjekk konkurs i februar 2013. Aktive Fredsreiser kjøpte hotellet for 7,2 millionar kroner + ein halv million for kunst og antikvitetar. Dermed fekk dei ein stad å | [[Revsnes Hotell]] på [[Byglandsfjord]] gjekk konkurs i februar 2013. Aktive Fredsreiser kjøpte hotellet for 7,2 millionar kroner + ein halv million for kunst og antikvitetar. Dermed fekk dei ein stad å nytte til kurs og til å supplere aktiviteten på Landeskogen. | ||
== Kjelde == | == Kjelde == | ||
Siste versjonen frå 9. august 2018 kl. 10:12
Aktive Fredsreiser er eit selskap med hovudkontor i Risør og avdeling i Bygland. Det vart etablert i 1998 av Helga Arntzen, som alt i 1992 hadde etablert «Hvite busser til Auschwitz» med formål å ta norsk ungdom, særleg 10. klassingar, på busstur til konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. I eit pedagogisk opplegg får dei sjå fangeleirane som var i bruk under 2. verdskrigen.
Landeskogen
I 2010 kjøpte Helga Arntzen og Aktive Fredsreiser Landeskogen i Grendi for 1 krone av Bygland kommune og etablerte Landeskogen Peace Center med føremål å arrangere leirar for tysk ungdom i Norge. I tillegg ville ho arrangere kurs og konferansar om fred og forsoning. Å ruste opp det store sjukehuset til hotell, vart imidlertid mykje dyrare enn ho hadde tenkt, så kursdeltakarar måtte bu i lavvoar.
Kurs og konferansar
Revsnes Hotell på Byglandsfjord gjekk konkurs i februar 2013. Aktive Fredsreiser kjøpte hotellet for 7,2 millionar kroner + ein halv million for kunst og antikvitetar. Dermed fekk dei ein stad å nytte til kurs og til å supplere aktiviteten på Landeskogen.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Aktive Fredsreiser kjøper Revsnes Hotell for 7,2 mill. Artikkel i Setesdølen nr. 19, 2013 side 12