Tjovehedderen turløype: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Sjå også
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Presisert en kategori
 
(3 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Tjovehedderen 1.jpg|miniatyr|250px|left|Utsynet er flott når ein er inne i sjølve hedderen. [[Riksveg 9]] smyg seg langs [[Byglandsfjorden]] langt der nede.{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Tjovehedderen 2.jpg|miniatyr|Høgt over [[riksveg 9]], i [[Nesvika]], der er Tjovehedderen. Turvegen tek til midt i biletet nederst, og krokar seg oppover i området der det ligg litt snø på biletet.{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
[[Fil:Tjovehedderen 3.jpg|miniatyr|Nokså langt nede i løypa finn du denne kvileplassen, og har det nyleg regna, så renn det reint vatn i drikkerenna.{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Tjovehedderen 4.jpg|miniatyr|Det veks eik og andre varmekjære treslag i området.{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Tjovehedderen 5.jpg|miniatyr|Opninga er brei og høg.{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Tjovehedderen 6.jpg|miniatyr| Slik ser det ut innover i hedderen, opp mot taket. {{byline|Reidar Tveito}}]]
'''Tjovehedderen turløype.''' Denne turvegen tek til nede ved [[riksveg 9]] og endar oppe i [[Tjovehedderen]], nokså høgt oppe i fjellsida. Turlengde er om lag 400 meter, og ein treng eit par timar på turen. Terrenget er bratt, men ikkje farleg, men gode sko er å anbefale. Stien er godt merka, og er tydeleg sidan mange går her. Sidan 1999 har Statens Kartverk nytta namnet Tjovehedderen, medan vanleg omtale framleis er Tjuvehola.
'''Tjovehedderen turløype.''' Denne turvegen tek til nede ved [[riksveg 9]] og endar oppe i [[Tjovehedderen]], nokså høgt oppe i fjellsida. Turlengde er om lag 400 meter, og ein treng eit par timar på turen. Terrenget er bratt, men ikkje farleg, men gode sko er å anbefale. Stien er godt merka, og er tydeleg sidan mange går her. Sidan 1999 har Statens Kartverk nytta namnet Tjovehedderen, medan vanleg omtale framleis er Tjuvehola.


Line 11: Line 17:
==Sjå også==
==Sjå også==
*[[Tjovehedderen]].
*[[Tjovehedderen]].
*Turforslag frå UT.no: [ http://ut.no/tur/tjovehedderen-byglandsfjord-fottur]
 
==Ekstern lenke==
*[http://ut.no/tur/tjovehedderen-byglandsfjord-fottur Med UT.no til Tjovehedderen]


==Kjelder==
==Kjelder==
Line 18: Line 26:


==Kart==
==Kart==
{{#display_points:58.68800, 7.81275; 58.68520, 7.81193 |zoom=14|type=terrain}}
{{#display_points: 58.68800, 7.81275; 58.68520, 7.81193 |zoom=14|type=terrain}}


[[Kategori:Turløyper]]
[[Kategori:Turløyper i Bygland]]
[[Kategori:Bygland]]

Siste versjonen frå 14. juni 2018 kl. 09:05

Utsynet er flott når ein er inne i sjølve hedderen. Riksveg 9 smyg seg langs Byglandsfjorden langt der nede.
Foto: Reidar Tveito
Høgt over riksveg 9, i Nesvika, der er Tjovehedderen. Turvegen tek til midt i biletet nederst, og krokar seg oppover i området der det ligg litt snø på biletet.
Nokså langt nede i løypa finn du denne kvileplassen, og har det nyleg regna, så renn det reint vatn i drikkerenna.
Foto: Reidar Tveito
Det veks eik og andre varmekjære treslag i området.
Foto: Reidar Tveito
Opninga er brei og høg.
Foto: Reidar Tveito
Slik ser det ut innover i hedderen, opp mot taket.
Foto: Reidar Tveito

Tjovehedderen turløype. Denne turvegen tek til nede ved riksveg 9 og endar oppe i Tjovehedderen, nokså høgt oppe i fjellsida. Turlengde er om lag 400 meter, og ein treng eit par timar på turen. Terrenget er bratt, men ikkje farleg, men gode sko er å anbefale. Stien er godt merka, og er tydeleg sidan mange går her. Sidan 1999 har Statens Kartverk nytta namnet Tjovehedderen, medan vanleg omtale framleis er Tjuvehola.

Turvegen

Eit par par km. nord for Byglandsfjord og like sør for Neset Camping, der er det eit stort og lett synleg grustak like inntil riksvegen. Det er her denne turvegen byrjar, og her er det også parkeringsplass for bilar. Det er Neset Camping som merker og ryddar denne turvegen for eigne gjester og andre som vil opp.

Berre 50-60 meter oppe i stien er det laga til ein liten kvilestad for dei som heller vil venta medan dei sprekare tek turen heilt opp. Om ikkje veret er for turt, så renn det vatn i ei drikkerenne like ved. Vegen vidare er stort sett bratt, og ein må trø litt varsamt om det har regna. Dette er eit frodig område med varmekjære plantar og tre, og der stien kryssar under høgspentlina, der var det ein gong ein frukthage. Når sjølve Tjovehedderen kjem til synes, så held ein seg på høgre side til ein er oppe. I staden for raud måling som er mest vanleg, så er det her nytta orange merking av di det er lettare å sjå for dei som er fargeblinde. Oppe frå hola er det flott utsikt over Byglandsfjorden og ut mot Byglandsfjord og Revsnes Hotell

Tjovehedderen

Ein meiner at havnivået ein gong har vore så høgt som hit, og at bylgjer har vaska ut dårlegt fjell. Kan hende det også er andre forklåringar om korleis denne store opninga i fjellet har oppstade. Opninga er 15 meter brei og 12 meter høg, og hola går om lag 30 meter innover og stig bratt opp mot taket. På høgre side i opninga er det også to mindre holer. Den utrasa massen gjev god voksterplass for eik og andre varmekjære lauvtre, og dei gjorde at Tjovehedderen ikkje var så synleg om sommaren. Grunneigar Olav Neset sørgjer stadig for å redusera tilveksten såpass at hola nå også er synleg for vegfarande heile året.

Sjå også

Ekstern lenke

Kjelder

Kart

Laster kart ...