Hornnes barnehage: Skilnad mellom versjonar
s Fjernet en unødig kategori |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
[[Kategori:Etableringer i 2007]] | [[Kategori:Etableringer i 2007]] | ||
[[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Barnehager]] | |||
Siste versjonen frå 1. mai 2017 kl. 08:14
Hornnes barnehage held til i eit nybygg like ved Hornnes barneskule på Hornnes. Barnehagen har tre avdelingar og plass til om lag 45 barn. Dei yngste, opp til tre år, held til i avdeling Ekorn med ni plassar, barn opp til fire år held til i avdeling Rev med 18 plassar og dei eldste er i avdeling Grevling, som og har 18 plassar. Alle avdelingane har preg av naturen som rammar inn nybygget, roma er ljose, luftige og praktiske. Ein har eigne rom for å sove, temarom, kjøkken og garderobe.
Bygningen
Bygningen, som var ferdig i januar 2007, kosta 15 millionar. Arbeidet med å bygge det nye bygget til barnehagen tok til i september 2005. Dei 800 kvadratmetrane inneheld også eige rom for SFO, møterom og andre rom for dei tilsette. Ei rekke firmaer hadde arbeid med å ferdigstille Hornnes barnehage i 2005:
- Evje Bygg var totalentreprenør
- Bademiljø Ragnar Aas utførte sanitær og varmeinstallasjonane
- Evje Elektriske utførte elektriske installasjonar
- G. Myklebostad Maskiner utførte grunnarbeidet
- Sønnico Lyngdal hadde ventilasjonsarbeidet
- Ramse's Malerservice, Vennesla, malte og la golvbelegg
- Uldal Birkeland leverte vindu
- Tore Andersen, Nedenes, leverte aluminiums dørparti
Kjelder
- Ole Birger Lien: Praktbygg til 15 mill. kr teke i bruk. Artikkel i Setesdølen nr. 11, 2007 side 8 og 9