Torvald Haavardstad: Skilnad mellom versjonar
s Endret kategori fra Politiker til Ap-politiker |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| (10 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Torvald Haavardstad''' | {{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =20 | fmåned =11 | får = 1893| ddag =9 | dmåned =3 | dår =1965 }} | ||
'''Torvald Haavardstad''' (fødd [[20. november 1893]] i Evje og og død [[9. mars 1965]]) var lærar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han ein dugeleg idrettsmann. Han var son til lensmann [[Olav J. Haavardstad]] frå [[Iveland]] og [[Olaug Haavardstad]] (fødd Moi) frå Moi i [[Hornnes]]. Han var gift med [[Karen Haavardstad]] (fødd Øvrevik). | |||
Haavardstad gjekk [[ | Haavardstad gjekk [[Setesdals ungdomsskule]] og tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1914. Han var først lærar i Kristiansand og Randaberg, og kom til Evje og blei lærar her frå 1919. Han vart verande i skuleverket i Evje heilt fram til han blei pensjonist. Han var konstituert skulestyrar ved Evje sentralskule frå 1954. I 1959 vart stillinga gjort om til skuleinspektør, og Haavardstad blei tilsett i denne. Han slutta i skulen i 1961. | ||
I 1928 vart Haavardstad vald til ordførar i [[Evje kommune]]. Han representerte Arbeidarpartiet. Han sat i ordførarstolen til 1942, då han blei avsett av dei som då hadde makta i landet vårt. Etter krigen (1945) tok han igjen sete i ordførarstolen, og blei sitjande der til han døydde i 1965. Dei siste åra då som ordførar i den nye [[Evje og Hornnes kommune]]. I tida som ordførar var han også automatisk med i fylkestinget. | I 1928 vart Haavardstad vald til ordførar i [[Evje kommune]]. Han representerte Arbeidarpartiet. Han sat i ordførarstolen til 1942, då han blei avsett av dei som då hadde makta i landet vårt. Etter krigen (1945) tok han igjen sete i ordførarstolen, og blei sitjande der til han døydde i 1965. Dei siste åra då som ordførar i den nye [[Evje og Hornnes kommune]]. I tida som ordførar var han også automatisk med i fylkestinget. | ||
Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931- | Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931-1945 og 1950-1953, i til saman 14 år. Han er den evdølen som har site lengst i nasjonalforsamlinga vår. Samstundes heldt han fram i ordførarvervet heime i Evje. Han styrde møta når det var ferie eller han fekk permisjon frå Stortinget. Varaordførarane styrde møta når han ikkje kunne vere tilstades. | ||
Utanom politikken var han aktiv både i idrett og kyrkje. Han var kyrkjesongar i Evje kyrkje frå 1928 til 1956. Innan friidretten var det kule og diskos som han deltok i. Han var Sørlandsmeister i begge greinene.<ref>G. Olsen: ''Idrett i gamle Evje''. Artikkel i [[Setesdølen nr. 29, 1993]] side 3</ref> | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 261-261 og s. 337-338 | *[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 261-261 og s. 337-338 | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''Kultursoge for Evje og Hornnes'', band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 401 | *[[Olav O. Uleberg]], ''Kultursoge for Evje og Hornnes'', band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 401 | ||
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9 | *[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9 | ||
* [http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOHD Biografi hos stortinget.no] | |||
== Referanser == | |||
<references> | |||
</references> | |||
{{DEFAULTSORT:Haavardstad, Thorvald}} | {{DEFAULTSORT:Haavardstad, Thorvald}} | ||
[[Kategori:Fødsler i 1893]] | [[Kategori:Fødsler i 1893]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1965]] | [[Kategori:Dødsfall i 1965]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Tidligere ansatte i Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Tidligere ansatte i Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Ap-politikere]] | [[Kategori:Ap-politikere]] | ||
[[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Kirkesangere]] | |||
[[Kategori:Ordførere i Evje]] | |||
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]] | |||
Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 16:17
| Torvald Haavardstad | ||
|---|---|---|
| Født: | 20. november 1893 | |
| Død: | 9. mars 1965 (71 år) | |
Torvald Haavardstad (fødd 20. november 1893 i Evje og og død 9. mars 1965) var lærar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han ein dugeleg idrettsmann. Han var son til lensmann Olav J. Haavardstad frå Iveland og Olaug Haavardstad (fødd Moi) frå Moi i Hornnes. Han var gift med Karen Haavardstad (fødd Øvrevik).
Haavardstad gjekk Setesdals ungdomsskule og tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1914. Han var først lærar i Kristiansand og Randaberg, og kom til Evje og blei lærar her frå 1919. Han vart verande i skuleverket i Evje heilt fram til han blei pensjonist. Han var konstituert skulestyrar ved Evje sentralskule frå 1954. I 1959 vart stillinga gjort om til skuleinspektør, og Haavardstad blei tilsett i denne. Han slutta i skulen i 1961.
I 1928 vart Haavardstad vald til ordførar i Evje kommune. Han representerte Arbeidarpartiet. Han sat i ordførarstolen til 1942, då han blei avsett av dei som då hadde makta i landet vårt. Etter krigen (1945) tok han igjen sete i ordførarstolen, og blei sitjande der til han døydde i 1965. Dei siste åra då som ordførar i den nye Evje og Hornnes kommune. I tida som ordførar var han også automatisk med i fylkestinget.
Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931-1945 og 1950-1953, i til saman 14 år. Han er den evdølen som har site lengst i nasjonalforsamlinga vår. Samstundes heldt han fram i ordførarvervet heime i Evje. Han styrde møta når det var ferie eller han fekk permisjon frå Stortinget. Varaordførarane styrde møta når han ikkje kunne vere tilstades.
Utanom politikken var han aktiv både i idrett og kyrkje. Han var kyrkjesongar i Evje kyrkje frå 1928 til 1956. Innan friidretten var det kule og diskos som han deltok i. Han var Sørlandsmeister i begge greinene.[1]
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 261-261 og s. 337-338
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 401
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9
- Biografi hos stortinget.no
Referanser
- ↑ G. Olsen: Idrett i gamle Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 29, 1993 side 3