Håtveit: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lenkefiks Kleveland |
||
| (8 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Håtveit gård Evje 150915.jpg|miniatyr|høyre|Husa på garden i 2015. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Håtveit gård Evje 150915.jpg|miniatyr|høyre|Husa på garden i 2015. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Håtveit''' er ein | [[Fil:Håtveit - Lislevatn - Evje 310714.JPG|miniatyr|høyre|Håtveit. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Håtveit''' er ein gard (gnr. 68) aust i [[Evje og Hornnes kommune]], omlag 13 kilometer aust for [[Evje]] sentrum. Mot vest grensar garden mot [[Kleveland (Evje og Hornnes gnr. 72)|Kleveland]], mot aust mot [[Lislevand]]. I nord ligg [[Vikstøl]]. Det går ein bratt, men fin skogsbilveg (bomveg) fram til garden frå [[Fylkesveg 42]] (Arendalsvegen]. Det er ikkje fast busetnad på garden lenger. Men husa på garden er haldne i god stand, og eigedomen er i bruk som fritidsbustad. [[Drosefjellet]] ligg på Håtveit-grunn. | |||
[[Håtveitfossen]] i [[Håtveitåna]], rett etter at elva har runne ut av [[Vikstølvatnet]] på veg nedover mot [[Lislevatnet]], høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. | [[Håtveitfossen]] i [[Håtveitåna]], rett etter at elva har runne ut av [[Vikstølvatnet]] på veg nedover mot [[Lislevatnet]], høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdskrigen. På slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[http://www.kulturminnesok.no/ Søk på Håtveitfossen på Kulturminnesøk.no] | *[http://www.kulturminnesok.no/ Søk på Håtveitfossen på Kulturminnesøk.no] | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 96 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 96 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.58096749837223,7.972040176391602~Håtveit Evje}} | |||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
Siste versjonen frå 27. desember 2015 kl. 12:31

Håtveit er ein gard (gnr. 68) aust i Evje og Hornnes kommune, omlag 13 kilometer aust for Evje sentrum. Mot vest grensar garden mot Kleveland, mot aust mot Lislevand. I nord ligg Vikstøl. Det går ein bratt, men fin skogsbilveg (bomveg) fram til garden frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen]. Det er ikkje fast busetnad på garden lenger. Men husa på garden er haldne i god stand, og eigedomen er i bruk som fritidsbustad. Drosefjellet ligg på Håtveit-grunn.
Håtveitfossen i Håtveitåna, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet, høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdskrigen. På slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida.
Kjelder
- Søk på Håtveitfossen på Kulturminnesøk.no
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 96