Hopp til innhald

Skjelvarspranget

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. mai 2026 kl. 22:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)

Skjelvarspranget (Sjusteinsringen, Holmgangsringen) er ein steinring med sju ståande steinar i Tingvatn fornminneparkTingvatn i Hægebostad. Truleg er det eit gravminne frå jernalderen.

Ei segn om den dødsdømte jenta Skjelva er knytta til ringen. Ho skulle få sleppe frå det med livet om ho klarte å hoppe frå stein til stein ringen rundt. Avstanden mellom steinane er ca. seks meter. Ho klarte alle hoppa heilt fram til det siste. Då fall ho mot den sjuande steinen og døydde.

Kjelder

  • Plakat/oppslag på staden

Kart

Laster kart ...