Hopp til innhald

Rolleiv Hauglid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. august 2014 kl. 08:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Rolleiv Hauglid, fødd 1920 og død 2. oktober 2008. Hauglid var skulemann og rektor heile livet. Han kom opphaveleg frå Kviteseid.

Hauglid fullførde Kristiansand lærarskule i 1950 og Statens sløyd- og teiknelærarskule. Han var lærar i Hurum frå 1951 til 1957, og etter det i Vennesla 1957-1961. I 1961 flytta han med familien til Evje. Dei busette seg i Lia på Birkeland (Krossen). Han var lærar ved Evje framhaldsskule 1961-1964, og ved Evje barneskule frå 1964. Frå 1972 og til han vart pensjonist i 1987 var han rektor ved same skule.

Rolleiv Hauglid var redaktør for kyrkjelydsbladet Ljosglimt frå 1968-1989.

Kjelder