Hopp til innhald

Vedbakk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2026 kl. 21:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Nygård)

Vedbakk er ein gamal støyl under gardsbruket Lunden Mosdøl i Bykle. Staden er på nordsida av Storetjønn, nokre hundre meter aust for Nygård.

Olav Olavsson Bratteland (f. 1800, d. 1864), kona Gyro Knutsdotter (f. 1797, d.1868) og sonen Olav (f. 1832) var dei einaste som budde på staden. Det var frå kring 1864 til 1868. Dei budde i støylsbua. Olav eigde først gardsbruket MyriHolen. Men i 1852 gjekk det på tvangsauksjon. Olav og Gyro blei verande som brukarar, til dei måtte ut i 1864.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart