Lunderekra (Evje og Hornnes gnr. 3 bnr. 1)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Lunderekra er eit gardsbruk (gnr. 3 bnr. 1) på Moseid i Evje og Hornnes. Eigedomen er lang og smal, og strekk seg frå breidda av Otra vestover mot Vetrhus og Yksenskor. Mellom dei som har eigd bruket er lensmann Henrik Moseid sr. og lensmann Henrik Moseid jr.. Dagens eigar (2018) er Odd Henrik Moseid (f. 1947).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 63-67
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk