Hopp til innhald

Fanger.no

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. februar 2024 kl. 08:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Osmund Faremo var ein av mange nordmenn som sat i fangenskap under andre verdskrigen.

Fanger.no er eit digitalt arkiv over nordmenn i fangenskap under andre verdskrigen. Her finst opplysningar om rundt 44 000 norske kvinner og menn som sat i fangenskap delar av krigen. Det er også opplysningar om nær på 1 000 fangestader og eit arkiv over korte, tematiske artiklar som skal gje oversikt, kontekst og forklaringar til opplysningane om fanger og fangestader i databasen.

Nettstaden blei lansert offentleg 8. mai 2020, i tilknytning til 75-årsmarkeringa for frigjeringa av Norge etter den tyske okkupasjonen. Ansvarlege for prosjektet er ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter i Kristiansand og Stiftelsen Falstadsenteret.

Den online databasen bygger på prosjektet Norsk Fangeregister 1940-1945 som blei leda av Kristian Ottosen frå 1986 til 2004. Prosjektet førte mellom anna til bokverket Nordmenn i fangenskap 1940–1945, med ei første utgåve i 1995 og ei oppdatert andre utgåve i 2004.

Sjå også

Fangar frå Bykle Fangar frå Valle Fangar frå Bygland Fangar frå Evje og Hornnes Fangar frå Iveland Fangar frå Åseral

Eksterne lenker