Hopp til innhald

Åseral bedehus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. februar 2023 kl. 18:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Åseral bedehus.

Åseral bedehus er det nye bedehuset i Kyrkjebygda i Åseral. Det ligg sentralt rett bak Åseral kyrkje, og nær kommunehuset og Minne Åseral kultursenter. Bygget stod ferdig våren 2015, og vart offisielt opna i mai dette året. Mykje av arbeidet med å føre opp bygget vart gjort på dugnad.

Bedehuset er organisert som eit samvirkeforetak. Styreleiar er Tove Forgard. Dagleg leiar er Åsmund Forgard. Føremålet til foretaket er å eige og låne ut bedehuslokalet til kristne lag og foreiningar.

Det gamle bedehuset Betesda blei rive hausten 2015.

Kjelder

Eksterne lenker