Hopp til innhald

Kurv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. august 2017 kl. 10:19 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Kurv)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kurv eller korv er ein matrett frå Setesdal. Den er basert på innmat, og innmat frå eitt lam gir to til tre liter kurv. Det er mykje arbeid å lage kurv, så den er ikkje så mykje brukt lenger, men på Ose Matmarknad kan ein kjøpe retten. I boka Rune & Margit & Moi har dei teke med ei oppskrift. Den er litt annleis enn oppskrifta frå Anlaug Mosdøl som vart brukt i TV-programmet Fjellmat, ho brukte også tre spiseskeier kveitemjøl.

Ingrediensar

  • 1 hjarte
  • 2 lunger
  • 1 lever
  • 2 nyrer
  • ½ kg fett
  • 1 liter blod
  • 15 gram salt

Framgangsmåte

  1. Vatne ut hjarte, lunger, lever og nyrer i to døgn. Skift vatn morgon og kveld.
  2. Kok lungene i ti minutt og skjær vekk dei grove gangane
  3. Skjær vekk dei grove hinnene på lever og nyrer og dei grove gangane i nyrene. Desse vert ikkje kokte
  4. Mal all innmaten og fettet i kjøkkenkvern. Ha det så i ein bolle og bland i blod og salt.

Steik kurv i steikepanne på svak varme i om lag 30 minutt eller kok i ein kokepose i vannbad ein time eller meir, avhengig av mengden ein kokar. Server med kokte poteter eller komler. Retten kan frysast rå i porsjonspakkar.

Kjelder

Eksterne lenker