Vassendgata
Vassendgata er ei av gatene i gamlebygda på Byglandsfjord. Denne går i retning aust-vest, frå riksveg 9 og ned til nordsida av tidlegare Setesdal Bilruters område. Sidan Birkelands gate vart dela av Bilrutas nye verkstadbygg i 1982, så vart den nordre delen av gata ein del av Vassendgata, offisielt etter 2014. Difor gjer gata nå ein sving opp mot brannstasjonen ved Strandgata.
Historie
Opphaveleg heitte Byglandsfjord Salbergmoen, og høyrde til Vassend. Det meste av Salbergmoen var dekka av skog med noko myr og ei mindre tjørn i nordre del. Her hadde Vassend beitestad for dyra sine. Difor fann Albert Olsen det naturleg å knyta Vassend til bygda med eit gatenamn under si regulering av Albertstad. Opp mot riksvegen gjer gata ein liten bakke kalla Robstadbakken. Under vegomlegginga i 1972 var det fyrst meininga å stenge av gata med ei trapp. Men det ville laga vanskar for brøyting, så ein svær port skulle stenga mot riksvegen når det var snøfritt. Denne var visstnok aldri i bruk, og forsvann etter nokre år.
Kjelder
- Reidar Tveito og diverse andre muntlege kjelder på Byglandsfjord.