Hopp til innhald

Marie Sverdrup Tveitan

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. april 2018 kl. 21:13 av Helland (diskusjon | bidrag)
Marie Sverdrup Tveitan
Født: 14. juli 1918 (107 år)

Marie Sverdrup Tveitan (fødd 14. juli 1918) var lærar på Notodden. Ho er dotter til Søren Sverdrup Lund (1872) og Anne Bjørgulvsdtr. Lund. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor Gert Magne Høye i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der.

Som nyutdanna fekk ho seg lærarjobb i heimkommunen og arbeidde i Valle i fleire år. Men så fekk ho spørsmål om å bli lærar på Notodden og flytta tilbake til byen der ho hadde teke utdanninga si. Der møtte ho også Gunleik Tveitan, som ho gifta seg med i 1950. Dei fekk fire born: Lars Sverdrup Tveitan, Magne Sverdrup Tveitan, Ragnhild Sverdrup Tveitan og Steinar Sverdrup Tveitan.

Etter ei tid tok Marie Sverdrup Tveitan vidareutdanning i heimkunnskap og forming i Oslo og sidan vart dette faga ho underviste i. I fritida engasjerte ho seg i Lærerinnenes misjonsforbund og Heddal bygdekvinnelag så vel som i andre lag og foreningar. I alle år heldt ho kontakt med heimbygda der ho hadde hytte i Finndalen og elles deltok på sentrumsfrukost og sauesjå.

Kjelder