Hopp til innhald

Besteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2017 kl. 09:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt meir historie)

Besteland er ei lita grend på vestsida av Otra, heilt sør i Hylestad i Valle kommune. Riksveg 9 går gjennom busetnaden i grenda. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg Øvre Besteland med fleire gardsbruk. Bestelandsåne renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.

Rv-9 mellom Besteland og Helle er planlagt utbetra i 2018.

Historie

Besteland må i si tid vere skild ut frå Helle. På 1960-talet budde det opp mot 40 menneske på Besteland. Det var fleire aktive sølvsmedar, ein treskjerar og ei bygdesag. I 2017 bur det bare kring 10 menneske i grenda.

Kjelder

Kart

Laster kart ...