Hartevatn renseanlegg
Utsjånad
Hartevatn renseanlegg er eit renseanlegg for avløpsvatn ved sørenden av Hartevatnet i Bykle. Anlegget kosta 155 millionar kroner å bygge, og vart opna i mars 2011. Det erstatta Hovden renseanlegg og fleire mindre private anlegg. Bakgrunnen for bygging av nytt renseanlegg var kommunalt vedtak om å legge til rette for utbygging av fritidsbustader i Hovden Sør/Midtregionen. Det er lagt vatn- og avløpsledningar frå Hoslemo til anlegget. Frå det no nedlagte Hovden renseanlegg er det lagt pumpeledningar og avløpsledningar for drikkevatn og avløpsvatn frå Hovden sentrum gjennom Hartevatnet til det nye anlegget.