Hopp til innhald

Gunnar Solheim

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. februar 2016 kl. 17:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kjelder)
Gunnar Solheim
Født: 6. februar 1926 (100 år)

Gunnar Solheim (fødd 6. februar 1926 i Åmli) var distriktsleiar ved Agder Energi si avdeling på Evje. Han var medlem av Evje og Hornnes kommunestyre i mange år, og også medlem av formannskapet. Han representerte Arbeiderpartiet. Då Jostein Berget var ordførar, var han varaordførar ein periode. Han har og vore med i administrasjonsutvalet og i helse og sosialutvalet. På fritida har han vore ein aktiv mosjonist, mellom anna i orienteringsgruppa i Otra IL.

Kjelder

  • Gunnar Solheim 80 år. Artikkel i Setesdølen nr. 10, 2006 side 2
  • Dei jubilerer begge. Artikkel i Setesdølen nr. 9, 2016 side 6-7