Arendalsvegen
Arendalsvegen er det ein kallar Fylkesveg 42, vegen mellom Arendal og Egersund, gjennom Evje.
Historie
Kravet melde seg om ein høveleg veg mellom Evje og Arendal. I slutten av 1860-åra tok arbeidet til frå Arendal gjennom Øyestad, Froland, Mykland og vidare til Vegusdal mot Evje. I 1877 oppmoda Evje heradstyre amtsingeniøren om å få stukke ut og kostnadsreikna veg frå Bjorvatn om Åneland, Rosseland og vidare til Fennefossen. Seinare, i 1882, ville heradstyret heller ha vegen om Steinsfjell, Rosseland, Galteland og Åneland til Bjorvatn. Men vegen blei stukken ut omlag der han ligg i dag. I 1883 løyvde Stortinget pengar til å bygge vegen, og arbeidet kom også i gang. Men det tok si tid, og Arendalsvegen stod ikkje ferdig gjennom Evje før i 1908. Det tok altså 25 år å gjere dette etter måten korte vegstykket, frå Evje sentrum til grensa mot Vegusdal, ferdig.
Kjelder
- Ivar Haugen, Dei fyrste husa i Evje sentrum, artikkel i Arnstein 2015, side 48
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 262