Hopp til innhald

Nøkland bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. juni 2026 kl. 21:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Nyabrauna med brukar på begge sider 22. juni 2026.

Nøkland bru (Nyabrauna) var ei bru over Lygna like vest for Orte i Eiken. Det gjekk ein sideveg frå «hovudvegen» her over elva til Nøkland.

Sidevegen med bru blei bygd i 1871. Brua blei kalt «Nyabrauna» i motsetnad til Åveslandsbrauna i ein eldre kjerreveg til Nøkland.

Dei fyrste bilane køyrde over Nyabrauna. «Det var eit under at det gjekk vel», skriv Torfinn Normann Hageland i Gamle veger i Vest-Agder (s. 243).

Brua var i bruk til 1939. Ho er rive, men brukara står att på begge sider av elva.

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 243
  • Artikkelen om sidevegen til Nøkland og Nyabrauna på Kulturminnesok.no

Kart