Alle Tiders
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Alle Tiders er ein kombinert klede-, gave- og interiør- og leikebutikk i Sentrumsbygget i Evje. Butikken sel dameklær, klær til born (0-12 år), leikar frå Ringo og har også eit stort utval av gåve- og interiørartiklar. Innehavar er Anne Elisabeth Kile Larsen. Ho starta butikken i 2006, då ho overtok lokala etter Tor Idar Lund. Marit Odderstøl frå Vegusdal styrer avdelinga for leiketøy i kjellaren.
Kjelder
- Butikken si Facebook-side
- Sigurd Haugsgjerd, Jubileumsfest hos «Alle Tiders» frå torsdag til laurdag, artikkel i Setesdølen nr. 81, 2016, side 5