Hopp til innhald

Byrtingsvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2022 kl. 17:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde + kategori)
Byrtingsvatnet med Rjuven bak og Setesdal i bakgrunnen.

Byrtingsvatnet er eit vatn heilt nord i Bygland austhei (736 moh.), på grensa mot Valle. Vatnet ligg mellom fjella Rjuven i vest, Rjuvassheii i nord og Sandvassheii i aust.

Vatnet er regulert. Det naturlege avlaupet, Byrtingsåni, er stengt og vatnet blir overført til Fiskeløys gjennom tunnel. Frå Fiskeløys går vatnet vidare gjennom tunnel til driftstunnelen til Hovatn kraftverkHeistad i Bygland.

Det går skogsbilveg (bomveg) frå Nordre Heistad til Fiskeløys. Ein avstikkar går inn til Rotedalstjønni. Herfrå er det mindre enn ein halv time å gå langs sti for å kome til Byrtingsvatnet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...