Hopp til innhald

Rossås

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2015 kl. 19:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet navn på opphavsgården som er Ivedal og ikke Frøyså slik først skrevet ved en feil)
Rossås ligg høgt i terrenget og har vidt utsyn.

Rossås er ein gard høgt oppe på heia mellom Frøyså og Otra i Iveland. Ein kjem fram til garden med bil ved å køyre den omlag fire kilometer lange Rossåsveien vestover frå Fylkesveg 403 (Ivelandsveien) ved Frøyså.

Den kjende mineralsamlaren og gruvemannen Olaus Thortveit budde på det eine av bruka på Rossås (bnr. 1) i fleire år til han døydde i 1917. Kona Gina dreiv dette bruket vidare til ho døydde i 1940.

Historie

Rossås er ikkje mellom landnåmsgardane i Iveland. Garden kom truleg til i vikingtida, etter å ha blitt delt frå Ivedal.

Kjelder

Kart

Laster kart ...