Austad kyrkje: Skilnad mellom versjonar
→Eksterne lenker: bildelenke |
|||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
*Alf Henry Rasmussen: ''Våre kirker - Norsk kirkeleksikon.'' Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7 | |||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
Versjonen frå 15. august 2011 kl. 18:03
Austad kyrkje ligg på Tveit i Bygland, om lag 200 meter frå riksveg 9. Det er ei langkyrkje i tre frå 1880. Arkitekten var byggmeister Oskar Fabricius. Kyrkja har galleri og 250 plassar. Altertavla er ein kopi av Thorvaldsens Kristus. Preikestolen er i tre frå ca 1536, restaurert av Christen Anderssøn i 1634. Døypefonten som vert nytta no er frå 1880 og laga av Torbjørn Langeid. Det er og ein døypefont frå ca. 1200 og ein frå middelalderen, restaurert i 1985. Orgelet er av J. H. Jørgensen frå 1975. Disk og kalk er frå 1680, oblateske frå 1852. Messehagl er frå Kirkelig Kulturverksted 1986.
I nedslagsfeltet til Austad kyrkje bur det om lag 100 personar. Dei bur i grendene Langeid, Tveit og Ose. I 1992 var det i snitt 25 til høgmesse, 6 til nattverd på dei 25 gudstenestene. Det året vart tre døypte og eit brudepar vigsla i kyrkja, medan det var sju gravferder.
Kart
<googlemap version="0.9" lat="58.983704" lon="7.605929" type="map" zoom="15"> 58.980646, 7.607115 </googlemap>
Kjelde
- Alf Henry Rasmussen: Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7