Langeid: Skilnad mellom versjonar
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
[[Kategori:Garder i Bygland]] | [[Kategori:Garder i Bygland]] | ||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | |||
[[Kategori:Langeid]] | [[Kategori:Langeid]] | ||
Versjonen frå 16. oktober 2022 kl. 07:51

Langeid er ei grend og to gardar (gnr. 2 Øvre Langeid og gnr. 3 Nedre Langeid) lengst nord i Bygland, på vestsida av Otra. På austsida ligg Birkeland. I nord grensar Langeid til Besteland i Hylestad lengst sør i Valle kommune. I sør er Hegland nabogarden. I vest går Langeid heilt inn til grensa mot Vest-Agder. Her danner elva Kvina grensa.
Størsteparten av busetnaden ligg langs Langeidsvegen, den gamle traséen til Riksveg 9. Riksvegen går i dag lenger ned mot elva, på ein ny trasé, utanfor sjølve busetnaden.
Historie
Ein gong i tida var Langeid éin gard. Så blei han delt i to like delar, Øvre Langeid og Nedre Langeid. Dette må ha vore i høgmellomalderen, før Svartedauden rundt 1350. Det er gjort arkeologiske funn på garden som gjer at ein kan rekne med at han er rydda i jernalderen. Eit spesielt verdfullt funn vart gjort i 2011, då Langeidsverdet vart avdekka.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 83-94