Hopp til innhald

Ørnenapen (Lauvdal): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Ny side: miniatyr|Lauvdal og Ørnenapen{{byline|[[Reidar Tveito}}]] '''Nord for Lauvdal''' går fjellet bratt opp mot Tveitnapen, 610 moh. Vest for Tveitnapen ...
 
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Meir fakta
Line 1: Line 1:
[[Fil:Lauvdal, Ørnenapen.jpg|miniatyr|Lauvdal og Ørnenapen{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
[[Fil:Lauvdal, Ørnenapen.jpg|miniatyr|[[Lauvdal]] og Ørnenapen. Til venstre ligg [[husmannsplassen Hagen]], og til høgre garden til Kjell Lande.{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Nord for Lauvdal''' går fjellet bratt opp mot [[Tveitnapen]], 610 moh. Vest for Tveitnapen finn ein [[Ørnenapen]]. Her var det i tidlegare tider ein heller så stor at 12 kyr kunne få plass under denne. I bededagshelga, 16.-18. mai 1794, rasa heile hellaren ut.  
'''Nord for Lauvdal''' går fjellet bratt opp mot [[Tveitnapen]], 610 moh. Vest for Tveitnapen finn ein [[Ørnenapen]]. På slutten av 1700-talet rasa ein del av Ørnenapen ut og endra mykje på landskapet nedanfor.
 
==Det store raset i 1794==
I liane nedunder Ørnenapen var det i tidlegare tider fleire padar oppover med god beitemark for buskapen. Nokså høgt oppe stakk fjellet så langt ut at det laga ein hellar stor nok til at 12 kyr kunne finna ly innunder den. I bededagshelga 16. til 18. mai i 1794 (eller 1792), rasa heile hellaren nedover mot fjorden. Det vart fortald etterpå at i Nordgarden låg Paal Lauvdal inne i husa og høyrde raset koma. Han meinte så, at om raset øydela garden, så kunne det taka han med. Så gale vart det ikkje.
 
Dette store raset la etter seg så mykje stein at den gode beitemarka vart øydelagt. På garden som Kjell Lande har nå i 2012, har ein bruka mykje tid og krefter på fjerning av stein i åra etterpå. Dei største har ein sprengd bort med krut og dynamitt. Geologar har i nyare tid utført undersøkjingar, og meiner det ikkje lenger er nokon rasfare.
 
Øydeleggande ras og store steinar kunne også koma til nytte. Like ved garden til Kjell Lande ligg ''Smedsteinen''. Denne var så stor og låg slik til at med litt oppmuring så hadde ein smed smia si innunder denne. Nede ved fjorden låg ein annan stor stein slik til at han laga ei god båtstø. «Pråmsteinen»  heitte denne.


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Reidar Larsen]], nedteikningar etter [[Aasmund T. Lauvdal]], 30. des. 1946.
*[[Reidar Larsen]], nedteikningar etter [[Aasmund T. Lauvdal]], 30. des. 1946.
*[[Aasmund Lauvdal]] 2012.
*[[Aasmund Lauvdal]] 2012.
*[[Kjell Lande]] 2012.


[[Kategori:Bygland]]
[[Kategori:Bygland]]
[[Kategori:Ulykker]]
[[Kategori:Ulykker]]
[[Kategori:1794]]
[[Kategori:1794]]

Versjonen frå 29. november 2012 kl. 19:15

Lauvdal og Ørnenapen. Til venstre ligg husmannsplassen Hagen, og til høgre garden til Kjell Lande.

Nord for Lauvdal går fjellet bratt opp mot Tveitnapen, 610 moh. Vest for Tveitnapen finn ein Ørnenapen. På slutten av 1700-talet rasa ein del av Ørnenapen ut og endra mykje på landskapet nedanfor.

Det store raset i 1794

I liane nedunder Ørnenapen var det i tidlegare tider fleire padar oppover med god beitemark for buskapen. Nokså høgt oppe stakk fjellet så langt ut at det laga ein hellar stor nok til at 12 kyr kunne finna ly innunder den. I bededagshelga 16. til 18. mai i 1794 (eller 1792), då rasa heile hellaren nedover mot fjorden. Det vart fortald etterpå at i Nordgarden låg Paal Lauvdal inne i husa og høyrde raset koma. Han meinte så, at om raset øydela garden, så kunne det taka han med. Så gale vart det ikkje.

Dette store raset la etter seg så mykje stein at den gode beitemarka vart øydelagt. På garden som Kjell Lande har nå i 2012, har ein bruka mykje tid og krefter på fjerning av stein i åra etterpå. Dei største har ein sprengd bort med krut og dynamitt. Geologar har i nyare tid utført undersøkjingar, og meiner det ikkje lenger er nokon rasfare.

Øydeleggande ras og store steinar kunne også koma til nytte. Like ved garden til Kjell Lande ligg Smedsteinen. Denne var så stor og låg slik til at med litt oppmuring så hadde ein smed smia si innunder denne. Nede ved fjorden låg ein annan stor stein slik til at han laga ei god båtstø. «Pråmsteinen» heitte denne.

Kjelder