Langeid: Skilnad mellom versjonar
Litt om vegen forbi Langeid |
s Kart |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland Gard og Ætt]]'', bind I, utgjeve av [[Bygland kommune]], 2002, side 83-94 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland Gard og Ætt]]'', bind I, utgjeve av [[Bygland kommune]], 2002, side 83-94 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.99219480031403,7.531856039797958~Langeid Bygland}} | |||
[[Kategori:Garder i Bygland]] | [[Kategori:Garder i Bygland]] | ||
Versjonen frå 22. november 2018 kl. 01:37
Langeid er ei grend og to gardar (gnr. 2 Øvre Langeid og gnr. 3 Nedre Langeid) lengst nord i Bygland, på vestsida av Otra. På austsida ligg Birkeland. I nord grensar Langeid til Besteland i Hylestad lengst sør i Valle kommune. I sør er Hegland nabogarden. I vest går Langeid heilt inn til grensa mot Vest-Agder. Her danner elva Kvina grensa.
Størsteparten av busetnaden ligg langs Langeidsvegen, den gamle traséen til Riksveg 9. Riksvegen går i dag lenger ned mot elva, på ein ny trasé, utanfor sjølve busetnaden.
Historie
Ein gong i tida var Langeid éin gard. Så blei han delt i to like delar, Øvre Langeid og Nedre Langeid. Dette må ha vore i høgmellomalderen, før Svartedauden rundt 1350. Det er gjort arkeologiske funn på garden som gjer at ein kan rekne med at han er rydda i jernalderen. Eit spesielt verdfullt funn vart gjort i 2011, då Langeidsverdet vart avdekka.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 83-94