Ådneram: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s →Kjelder: Norgeskart |
s Bilde av garden |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Ådneram 200518.jpg|miniatyr|høyre|Ådneram [[20. mai 2018]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Ådneram''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 2) heilt nord i [[Sirdal]]. Garden ligg om lag 600 moh. I aust grensar Ådneram mot [[Suleskar]]. I sør og sør-vest er [[Fidjeland (Sirdal gnr. 3)|Fidjeland]] grannegard. Mot vest og nord-vest ligg garden Lyse i Forsand i [[Rogaland]]. I nord grensar Ådneram over ei kortare strekning til [[Bykle]]. | '''Ådneram''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 2) heilt nord i [[Sirdal]]. Garden ligg om lag 600 moh. I aust grensar Ådneram mot [[Suleskar]]. I sør og sør-vest er [[Fidjeland (Sirdal gnr. 3)|Fidjeland]] grannegard. Mot vest og nord-vest ligg garden Lyse i Forsand i [[Rogaland]]. I nord grensar Ådneram over ei kortare strekning til [[Bykle]]. | ||
Versjonen frå 22. mai 2018 kl. 09:02

Foto: Geir Daasvatn
Ådneram er ein gard (gnr. 2) heilt nord i Sirdal. Garden ligg om lag 600 moh. I aust grensar Ådneram mot Suleskar. I sør og sør-vest er Fidjeland grannegard. Mot vest og nord-vest ligg garden Lyse i Forsand i Rogaland. I nord grensar Ådneram over ei kortare strekning til Bykle.
I 1980 var det tre bruk på Ådneram.
Historie
Ein kan truleg rekne med at Ådneram har vore busett før Svartedauden (1349/1350). Garden har så blitt liggande aude i lang tid. Første gang han blir nemnd i skriftlege kjelder er i 1611. På første halvdel av 1600-talet var både Ådneram og nabogardane Suleskar og Fidjeland eigd av Torbjørn Bjørnsen Bersagel i Høle i Rogaland.
Kjelder
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, utgjeve av Sirdal kommune, 1980, side 56-91
- Norgeskart.no