Hopp til innhald

Haugen (Valle gnr. 66): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Siri J (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 2: Line 2:
'''Haugen''' er ein gard (gnr. 66) i [[Hylestad]], på austsida av [[Otra]], i [[Valle kommune]]. Dei to gamle hovudbruka på garden ligg sør for Hovet. Men garden har også buplassar nordafor Krokan, som er den nordlegaste bustaden på Hovet. Garden er såleis nokså langstrekt frå sør til nord; over tre kilometer i luftlinje.  
'''Haugen''' er ein gard (gnr. 66) i [[Hylestad]], på austsida av [[Otra]], i [[Valle kommune]]. Dei to gamle hovudbruka på garden ligg sør for Hovet. Men garden har også buplassar nordafor Krokan, som er den nordlegaste bustaden på Hovet. Garden er såleis nokså langstrekt frå sør til nord; over tre kilometer i luftlinje.  


Grensene mot nabogarden [[Hovet]] er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad|gards- og ættesoga for Hylestad]]. Han meiner Hovet kan vere den eldste garden av dei to, og at Haugen er skild frå seinare. [[Bjørgum]] og [[Straume]] er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot [[:no:Telemark|Telemark]]. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg [[Nomeland (Valle gnr. 64)|Nomeland]].  
Grensene mot nabogarden [[Hovet]] er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad|gards- og ættesoga for Hylestad]]. Han meiner Hovet kan vere den eldste garden av dei to, og at Haugen er skild frå seinare. [[Bjørgum]] og [[Straume]] er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot [[:no:Telemark|Telemark]]. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]].  


Frå [[Riksveg 9]] på Nomeland går [[Fylkesveg 332]] over [[Skagen bru]] fram til Haugen og Hovet. Lokalt heiter første delen av vegen [[Skagevegen]]. Gjennom Hovet og Haugen kallast han [[Hovetvegen]].  
Frå [[Riksveg 9]] på Nomeland går [[Fylkesveg 332]] over [[Skagen bru]] fram til Haugen og Hovet. Lokalt heiter første delen av vegen [[Skagevegen]]. Gjennom Hovet og Haugen kallast han [[Hovetvegen]].  

Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 14:10

Fil:Hovet - Haugen 290117 (2).jpg
Noko av Haugen og Hovet 29. januar 2017.

Haugen er ein gard (gnr. 66) i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Dei to gamle hovudbruka på garden ligg sør for Hovet. Men garden har også buplassar nordafor Krokan, som er den nordlegaste bustaden på Hovet. Garden er såleis nokså langstrekt frå sør til nord; over tre kilometer i luftlinje.

Grensene mot nabogarden Hovet er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Han meiner Hovet kan vere den eldste garden av dei to, og at Haugen er skild frå seinare. Bjørgum og Straume er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot Telemark. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg Nomeland.

Frå Riksveg 9 på Nomeland går Fylkesveg 332 over Skagen bru fram til Haugen og Hovet. Lokalt heiter første delen av vegen Skagevegen. Gjennom Hovet og Haugen kallast han Hovetvegen.

Historie

Kjelder

Kart

Laster kart ...