Oskar Roel: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lagt inn litt om bowling + kilde |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Otra IL Æresmedlem Oscar Roel.JPG | bildetekst =Oskar Roel på eit årsmøte i Otra IL. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} | fdag = | fmåned = | får = 1932| ddag = | dmåned = | dår = }} | {{Person | bilde =Otra IL Æresmedlem Oscar Roel.JPG | bildetekst =Oskar Roel på eit årsmøte i Otra IL. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} | fdag = 19| fmåned = 2| får = 1932| ddag = | dmåned = | dår = }} | ||
'''Oskar Arnliot Roel''' (fødd 1932) er pensjonist og bur i Hampefjellet 3 på [[Byglandsfjord]]. Før han vart pensjonist var han styrar på [[Setesdal Meieri]] på Byglandsfjord. | '''Oskar Arnliot Roel''' (fødd 1932) er pensjonist og bur i Hampefjellet 3 på [[Byglandsfjord]]. Før han vart pensjonist var han styrar på [[Setesdal Meieri]] på Byglandsfjord. | ||
Versjonen frå 9. mai 2015 kl. 21:39
| Oskar Roel | ||
|---|---|---|
| Oskar Roel på eit årsmøte i Otra IL. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 19. februar 1932 (94 år) | |
Oskar Arnliot Roel (fødd 1932) er pensjonist og bur i Hampefjellet 3 på Byglandsfjord. Før han vart pensjonist var han styrar på Setesdal Meieri på Byglandsfjord.
Roel var ein svært sentral dugnadsmann då Otra IL bygde Otra-hytta på Senumsheia vest for Byglandsfjord. Han var også fotballspelar i Otra IL i ei årrekkje. Då Bygland kommune bygde Årdalshallen sat Roel i Bygland kommunestyre for Bygland Bygdeliste, og var med på å drive det prosjektet igjennom. Han representerte Bygdelista i kommunestyret i åtte år, frå 2003 til 2011.
Oskar Roel har også vore ein ivrig bowlingspelar, og han har vore både kasserar og leiar i Evje Bowlingklubb på 1990-talet.
Heider
- Æresmedlem i Otra IL
Kjelde
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010
- Bygland Bygdeliste si heimeside
- Evje Bowlingklubb, Årsmelding, 1999